Perndlarane i Finnøy kan endelig gleda seg over HjemJobbHjem. Foto: Arkiv.

FINNØY: Det var styringsgruppa for bymiljøpakken, mobilitetseininga, som gjorde det endelege vedtaket i går kveld.,

I fjor haust fekk dei statlege, kommunale/fylkeskommunale bedriftene i gamle Finnøy og Rennesøy kommune ta del i denne svært gunstige billett-ordninga, men ikkje dei private. Det skapte naturlegvis stor misnøye blant dei som blei ståande utanfor, at type arbeidsplass skulle vera avgjerande om ein kom unn under HjemJobbHjem-avtalen, eller ei. Men no er balansen igjenoppretta og billettordninga kan nyttast uavhengig av kven arbeidsgivaren er.

- Dette blei vedteke i går kveld, og me er glad at det endeleg blei orden på dette. Vegen fram har vore ganske uryddig fordi saka har blitt hengande i fleire politiske prosessar undervegs. Med no er me i alle fall i mål, seier Linn Falch, avdelingsleiar i mobilitetseininga i Kolumbus.

Allereie har 12 bedrifter søkt og fått avslag, men dei kan ta opp igjen søknadsprosessen no.

- Nettsida er nok ikkje oppdatert heit ennå, men det tek ikkje lang tid for dei ansvarlege å snu seg rundt og gjer den klar for nye søkargrupper. HjemJobbHjem gjeld ifrå datoen søknaden blir registrert og éin månad fram i tid. Prisen er 515 kroner per månad, opplyser Linn Falch.