Fjøløy-naturen tok pusten frå finnøybuar

– Du og du for ein natur, det blir ikkje betre enn dette, storveis.

  • Oddbjørg Måland
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over ett år gammel

RENNESØY:

Superlativa sat laust då tysdagsgjengen ifrå Teigen var på tur på Fjøløy fort på Mosterøy nyleg. Mange fekk seg ei ny og storslått naturoppleving i det vakre sommarvêret.,

I strålande solskinn og t-skjorte-temperatur var snaut 50 turglade pensjonistar ifrå Finnøy og øyane på tur. Ein velfortent avslutningstur som markerer at nok eit år med aktivitet og trening i regi av Frisklivsentralen er tilbakelagt.

Krigsminner

Børge Harestad ifrå Fjøløy Forts venner fortelte om norsk krigshistorie på Fjøløy. Turen gjekk i vakkert kulturlandskap, via militære bunkersar, utsiktspostar og andre levningar ifrå krigen. På den måten blei turen som eit kinderegg; tur, historieforteljing og grillkos til slutt. Helselaget på Finnøy sponsa maten.

Sjølv om det var små utfordringar for enkelte undervegs klarte dei som ville å komma seg til  utsiktspunktet og fekk oppleva Fjøløy i fugleperspektiv.

- Eg tykkjer det er fantastisk at me skulle få slikt vêr i dag. Det er vel oftast ganske vindfullt her ute, så me har treft godt i dag, seier Kåre Vestbø, som sjølv ikkje gjekk til topps.

- Eg slit litt med pusten, så eg tek det litt meir med ro, fortel han.

Litt kvar dag

- Tysdagsturane i Teigen trur eg alle som er her i dag sett stor pris på. For eigen del kan eg jo sei at eg aldri planlegg noko som helst ein tysdag, då er det berre ein ting som gjeld, fortel Torborg Kristoffersen.

- Det er ikkje tvil om at dørstokkmila har blitt kortare etter at me byrja med trimmen i Teigen. For enkelte kan tysdagstrimmen vera den einaste moglegheita til å komma seg ut på tur, og i tillegg er det jo så kjekt, smiler Kjellaug Bø Vik.

Oddny Kjølvik i Frisklivssentralen i Finnøy har drive trimmen i Teigen sidan oppstart, men no gir ho seg for alderen.

- Å vera saman med denne gjengen har gitt meg mykje gjennom alle dei åra me har helde det gåande. Mest uansett vêr og vind har dei stilt trufast opp kvar tysdag. Det tykkjer eg er imponerande, for eg veit at ikkje alltid er like freistande å komma seg opp og ut.

- Kor viktig er fysisk aktivitet for eldre?

- Svært viktig. Kroppen har godt av å vera i aktivitet uansett alder, og det er aldri for seint å byrja. Effekten av fysisk aktivitet er lik verdifull gjennom hele livet. Me veit at eldre som er fysisk aktive og i god form vil i større grad kunne vera sjølvhjelpte i kvardagen og kan bu lenger heima, dessutan  reduserer det risikoen for sjukdom og skader. I tillegg til betre fysisk helse, er det også viktig for den mentale helsa som utan tvil påverkast positivt. Så det er ingen grunn til ikkje å vera i aktivitet, sjølv om me har blitt eldre eller har utfordringar med helsa. Å gjera litt kvar dag gjer underverk for helsa, avsluttar Oddny Kjølvik.