Helene M. Ohm, er kommunaldirektør for oppvekst og utdanning

RENNESØY/FINNØY

: Den tidlegare finnøyrådmannen er også tydeleg på at dette ikkje er ei kuttsak i samband med den pågåande budsjettbehandlinga i kommunen.-Og det er heller ikkje ei sak der me har som mål å harmonisera dei generelle bestemmelsane for åpningstidene i stavangerbarnehagane til 9 timar per dag for alle, poengterer ho.,

Etter det eg kjenner til så har det vore slike lokale tilpasningar også i tidlegare Stavanger kommune. Så når både Rennesøy og Finnøy må ha slike lokale tilpasningar i dag, har ikkje kommunen som mål å endra dette, seier Ohm og legg til.

- Virksomhetsleiar har gått ein prosess med foreldre og dei tilsette, og det vil me nå også gjera i samband med organiseringa av sommaråpninga i barnehagane. Etter det vil me konkludera. Men frå vår side skal dette skje i nær dialog med dei involverte. Og eg vil igjen poengtera, at det kan gis rom for lokale tilpasningar i forhold til både når barnehagane skal vera opne, og kor lenge dei skal ha ope kvar dag, forsikrar kommnedirektøren for oppvekst og utdanning, Helene M. Ohm.