Av Oddbjørg Måland,

Det er snart eitt år sidan Finnøy og Rennesøy blei ein del av Stavanger kommune.

Øyposten har snakka med innbyggarar i Finnøy og Rennesøy om kva dei tenker om året som har gått. Har den nye kommunen levert på det dei lova?

FINNØY

Merete Meling Kindingstad

I forhold til biblioteket på Finnøy så har den nye kommunen vore svært positiv. Me får ta del i fleire kjekke arrangement, slik som bokprat, eventyrstunder og andre bibliotekprogram. I tillegg har me fått fleire digitale tilbod som ikkje ville vore mulig  utan drahjelp frå Stavanger, spesielt ikkje nå med koronasituasjonen. Dessutan har me fått HjemjobbHjem-ordninga som er eit flott tilbud. Eg trur Finnøy står seg på å vera ein del av Stavanger. Det er fleire folk å spela på, og større fagmiljø. Nei, me kunne ikkje stått åleine nå.

Martin Flesjå

Eg har ingen føling med å vera ein del av Stavanger, til det er det for store ulikheiter. Tunellen vil alltid vera eit fysisk og mentalt skilje. Eg kan aldri bli fortruleg med tanken på å vera Siddis, til det er avstanden og ulikskapane for store. Men kontakten eg har hatt med kommunen, sjølv om den har vore svært begrensa, er utelukkande positiv. På mange måtar opplevde eg oppfylgjinga frå kommunen betre, enn det som var tilfellet i Finnøy kommune.

Eg tykkjer og at det er bra med litt avstand til «makta», det blei litt for tett i Finnøy, på slutten.

Når det gjeld kommunikasjon meiner eg den nye kommunen har mykje å gå på. For å reisa mellom dei to kommunesentra Judaberg og Vikevåg,  finns det ingen andre alternativ enn å bruka privatbil.

Tove Rosland

  • Spør meg om nokre år, då vil det sikkert vera enklare å svara. Eg har forresten erfart at det var vanskelegare å finna fram i kommuneadministrasjonen enn det me er vane me ifrå Finnøy kommune, men det er jo der innbyggartorget kjem inn. Eg meiner Finnøy ikkje burde halde fram åleine som eigen kommune. Eg stolar på politikarane som sa at kommunesamanslåing vil styrka Finnøy både i forhold til tenestetilboda og økonomisk. Det er vel med ei kommunesamaslåing som med mykje anna; det vil alltid vera plussar og minusar.

Rasmus Hidle

Eitt år er lite i denne samanhengen. Eg er jammen ikkje sikker på korleis kommunen vil ta vare på øyane i gamle Finnøy. Erfaringar viser at når kommunane blir større, blir dei små skulane meir sårbare, og det må me vakta oss vel for.

Det som eg tykkjer er skremmande er korleis kommunen tenker i forhold til KULA-prosjektet på Sjernarøyane. Med eit nytt register for Kulturhistoriske landskap vil det bli vanskelegare for lokale grunneigarar å ha råderett over eigen eigendom. Det kan bety større utfordringar for jordbruket, og meir innblanding og overstyring. Når det gjeld kommunikasjon er det langt igjen til me har dei same mulighetene som dei meir sentrale strøk, og Øyfast trur eg me kan sjå langt etter.

At dei kommunale fagmiljøa har styrka seg, tykkjer eg er positivt. Eg håper og at den nye kommunen vil ta vare på vegar og kaiar på ein god måte. Skulle eg stemt igjen i dag, hadde svaret blitt det same som i 2016; nei.

Turid Angelskår Lauvsnes

  • Eg er litt skuffa, og føler at kommunesamanslåinga er «tredd nedover hovudet» på oss. Det er ikkje slik at det som gjeld i byen, nødvendigvis verkar på same måte her. Eg tykkjer det er trist med dei store kutta i skule og barnehage, og kjenner virkningane på kroppen i form av mangel på vikarar i barnehagen.  Det positive er HjemjobbHjem-ordninga og at me har fått ein møteplass på innbyggartorget.

Det er viktig at kommunen no tek tak i bygginga av gang-og sykkelsti. Vegane er livsfarlege i seg sjølve, og det blir ikkje betre med all tungtransporten. Eg stemde nei til kommunesamanslåing i 2016, og ville gjort det igjen i dag.

Elin Johnsen

  • Eg er nokså nyinnflytta til Finnøy, så eg kjenner ikkje så godt til forholda frå før, og har difor ikkje så mykje å samanlikna med. Det positive er i alle fall at eigedomsskatten har gått ned, og at me har fått HjemjobbHjem, det er veldig bra. Ennå har eg ikkje erfart noko som er direkte negativt. Kanskje kommunikasjonen innad i kommunen kunne vore betre. Skulle det vore avstemning i dag ville svaret vore ja.

RENNESØY

Sverre Jåsund

  • Den nye kommune har lova meir enn den har levert. Innbyggarane i Rennesøy har fått eigedomsskatt og renovasjonsavgifta har auka. I tillegg truar kommunen med å flytta biblioteket og frivilligsentralen vekk ifrå sentrum. Barnehagen på Vestre Åmøy er nedleggingstrua trass i stor utbygging. BUP (barne og ungdomspsykiatri ) skal flyttast ifrå Randaberg til Stavanger. Godane skrelles av lag for lag. Dessutan irriterer mange seg over stadig stengde tunellar. Eg er sikker på om Rennesøy hadde vore sjølvstendig kommune, ville det vore ein redningsbil plassert på brannstasjonen.

Nå bør kommunen syta for gratis passering i Finnfast.

Eg stemde ja i 2016, i dag ville svaret heilt klart vore nei.

Arvid Magne Andersen

  • Nei, kommunen har ikkje halde kva den lova. I forhold til intensjonsavtalen dett ting for ting ut. Eg kan ramsa opp fleire ting, blant anna eigedomsskatt, kutt i overføringar til skulane, barnehagar som er føreslått nedlagde, sentrumsplanen for Vikevåg med servicebygget som er lagt på is, og flytting av biblioteket og frivilligsentralen til det same huset som biblioteket flytta utifrå for mange år sidan, og som i tillegg skal rivast. I den forbindelse lurer eg på kven som skal betala for straum og drift av Meieriet viss leietakarane flytter ut? Og ikkje minst tannlegen som er føreslått flytta frå Rennesøy til Randaberg, det er den siste spikeren i kista. Det verkar som kommunen har sett seg føre å tyna Rennesøy sakte men sikkert. Det var sikkert ting som ikkje alltid var heilt topp tidlegare heller, men det har blitt mykje vanskelegare nå.

Sentrumsplanen er viktig og bør prioriterast.

Eg stemde nei sist gong, og hadde gjort same i dag.

Elin Rydningen

- Når det gjeld dagens situasjon i Rennesøy tykkjer eg det er mykje unødvendig uro. Storebror er kjip. Budsjettarbeid og økonomihandtering er naudsynt, men å ikkje sjå heilheita i dei nye kommunedelane er forbaska irriterande. Jamfør biblioteksaka i Rennesøy. Eg trur likevel me må roa ned forventningane, men aksjonera når saker blir handtert uhaldbart, også i forhold til intensjonsavtalen. Kor blir det av oppstart av helsehuset i Vikevåg forresten?

Dersom eg skulle stemt igjen ville eg endra til Rennesøy som eigen kommune. Eg var for Utstein kommune.

Jan Berg-Johansen

  • Mange av tinga rennesøybuen gjekk til val på, er ikkje lenger eksisterande. I avstemninga fekk me aldri alternativet om å fortsetta å stå åleine som eigen kommune, slik Finnøy fekk. Hadde me det fått, ville svaret vore nei. I ettertid kan det mest kjennast ut som valet for fire år sidan var «rigga». No ser me resultatet i form av innføring av eigedomsskatt, barnehagar som vert lagt ned, biblioteket og frivilligsentralen som skal flyttast, og det har blitt meir byråkratisk og uoversiktleg i og med at avstanden til politikarane har blitt større. Det er fleire andre ting også, men som eg ikkje kjem på i farten.

  • Det aller viktigaste kommunen bør prioritera er å halda oppe det gode servicetilbodet me hadde før, men eg er ikkje positiv i forhold til det heller.

Ole Jan Bertelsen

  • Eg er veldig god nøgd med den nye kommunen. Me har fått profesjonell bistand i forhold til faglege spørsmål, og ser at lite eller ingenting kunne blitt betre. Folk i Rennesøy har det ikkje dårlegare enn folk i Stavanger. At det har blitt innført eigedomsskatt har ligge i korta lenge. Det er mange år sidan bustadene blei taksert med tanke på innføring av skatten. Det er ikkje slik at eg er for eigedomsskatt, men me må finna oss i det. At enkelte ting vert lagt ned og flyttast er eit ledd i utviklinga, og det må ein rekna med.

No må politikarane stå på og jobba for eit godt tenestilbod.

I 2016 stemde eg for kommunesamanslåing, og ville gjort det same i dag.

Anna Karin Bleivik

-

Nei, den nye kommunen har ikkje levert. Eg tenker på alle dei negative tinga som har skjedd og som er i ferd med på skje i denne kommunedelen. Det er skuffande at Stavanger vil legga ned barnehagane på Åmøy, flytta tannlegen ut av Rennesøy, flytta biblioteket og frivilligsentralen, innføring av eigedomsskatt og heilt sikkert fleire andre ting. Rennesøy vert som ein blindtarm i utkanten. Eg er og bekymra for dei gamle som etter at dei er utskrivne ifrå sjukehuset har blitt flytta til andre institusjonar i byen, det tykkjer ikkje er greitt.,

Så langt eg kan sjå har faktisk ingenting blitt betre for Rennesøy sin del etter kommunesamanslåinga. Det er ikkje slik at om ting vert større, blir alt betre. Eg har sett verdien av å bu eit lite samfunn, og den er eg redd me er i ferd med å mista. Skulle me stemt i dag, hadde svaret blitt nei, akkurat som i 2016.