Mímir Kristjánsson frå partiet Rødt må droppa Sjernarøy til fordel for Kristiansand 1. mai.

SJERNARØY: -Han ringde meg og beklaga at han måtte melda avbud. Men etter at han blei stortingsrepresentant bestemmer han ikkje over si eiga sjel lenger. Det er andre som bestemmer, og dei har bestemt at han skal halda 1. mai-tale i Kristiansand i staden, opplyser Benny Helgeland i Sjernarøy Sanitetsforening til Øyposten.,

Nå er laget på jakt etter ein kåsør som kan steppa inn i staden.

-Me tenkte på ordførarar Kari Nessa Nordtun, men ho skal ha baby, og då kan det bli litt vanskeleg. Nå har me sendt melding til ho som skal vikariera, Dagny Sunnanå Hausken, og invitert henne, men me har ikkje fått svar ennå, seier Benny Helgeland, som legg til at det var ein tradisjon at ordførarane i Finnøy var med får 1. mai-festen, ein eller annan gong i løpet av si "regjeringstid".