Leif Kåre Larsen i Rock Taxi har hatt oppdraget med å frakta ungdommane trygt heim til Finnøy.

FINNØY:

Kommunen søkte Kolumbus om 385 000 kroner i støtte til prosjektet, men har fått bevilga 70 000. Budsjettet til Kolumbus er 450 000 kroner til heile regionen.,

Ordninga skal gjera det enklare for ungdom på Finnøy å komma seg heim frå Stavanger sentrum i helgene

I fjor august fekk kommunen 100 000 kroner for å gjennomføra ei prøveordning ut året.

Ikkje perfekt

,– Under prøveperioden i fjor blei det køyrt totalt 38 turar i maxitaxi til Finnøy og Talgje med plass til inntil 8 personar til. Til saman 75 ungdommar og tre vaksne nytta seg av tilbodet. Dersom me berre tek utgangspunkt i perioden kor Norge var gjenopna, frå 25. september til 9. desember, nytta 62 ungdommar og 3 vaksne seg av 20 turar med «Hjem for en 50-lapp», opplyser Imme Dirks Eskeland i Utvalg for miljø og utbygging.,–

Er det stort nok grunnlag til å fortsetta ordninga?

– Prøveordninga i fjor var vellukka, men ikkje perfekt. Difor ville me blant anna sjå på ting som kunne gjera ordninga endå betre. Blant anna såg me føre oss tilbod både fredag og laurdag, samt ein større bil. I tillegg ville me krevja ei betre bestillingsløysing med til dømes ein app som viser ledige plassar og som kan handtera forhåndsbetaling. Det ville gjera ordninga meir forutsigbar for brukarane og for dei som skal administrera prosjektet i selskapet som kommunen veljer.

,–

Når blir det oppstart?

– Nå skal me setta oss ned og finna ut korleis me kan finna fram til ei så god løysing som mogleg med midla me har tilgjengeleg. Difor kan eg ikkje sei sikkert når ordninga startar opp igjen, men arbeidet er i full i gang, og me vil informera om ordninga i Øyposten og på kommunen si nettside, seier Eskeland.