Fire gardsbruk i Finnøy er selde sidan januar

Dårlege kår for små gardsbruk gjer at mange bønder ikkje orkar driva lenger.

Anna Mæland forstår godt kvifor det er mange som sel gardsbruka sine. - Politikarane legg ikkje til rette for mindre gardsbruk.
  • Oddbjørg Måland
Publisert: Publisert:

FINNØY: Tre av desse gjeld bruksrasjonalisering som betyr at jordbruksareala blir lagt til eit aktivt nabobruk medan bustadhus blir skilt frå garden.

I tillegg kjem gardane som er konsesjonsfrie, anten fordi dei er overtekne av arvingar eller slepp unna på grunn av storleik.

– Dette bekrefter trenden me har sett i jordbruket lenge. Færre, større og meir profesjonaliserte bruk er i ferd me å ta over. Små marginar gjer det vanskeleg for mindre bruk å driva lønsamt. Utviklinga i jordbrukspolitikken fremjer bruksrasjonalisering, det vil sei frådeling av landbruksareal for å selja som tilleggsjord, seier landbrukssjef i kommunen, Geir Helge Rygg.

Tronge kår

Etter eit langt liv som gardbrukar på Finnøy er Anna Mæland i ferd med å selja garden sin. Ho har drive med mjølkeproduskjon, sau og storfe, samt juletreproduskjon dei siste åra. Etter at mannen døyde har Anna drive garden åleine. Men no er det slutt

– Det er ein vond situasjone bøndene har havna i. Det er rett og slett ikkje mogleg å driva lenger. Med slike vilkår dei har no, er det langt færre som nyttar seg av odelsretten. Å driva gard er ein livvstil, du har aldri fri og er på jobb 24/7. Dei unge er ikkje interessert i å ha det slik, og i alle fall ikkje så lenge det ikkje er økonomisk lønsamt. Det har blitt slik at skal ein driva gard i dag, må ein ha jobb i tillegg, eller ei attåtnæring til drifta for å klara overleva. Difor har eg ingen problem med å forstå at gardane blir selde til tilleggsjord. Eg trur det er ei utvikling me vil sjå meir av farmover, seier Anna Mæland.

Bondeyrket i ferd med å forsvinna

I følgje Nasjonen er talet på jordbruksbedrifter redusert frå 72.800 til 48.825 dei siste ti åra. Talet på timeverk per gard er auka frå 2123 til 2251. Jordbruksarealet per gårdsbruk er auka med 47 prosent. Samtidig er volumet på jordbruksproduksjonen på same nivå.

Med andre ord: I løpet av 10 år forsvann 24.000 jordbruksbedrifter. Dei gjenverande aukte betydelig i storleik. Trass i massiv produktivitetsauke utgjer inntektene frå jordbruket ein stadig mindre del av det totale gardsregnskapet.

Tal frå Statistisk sentralbyrå viser at frå 1969 til 2020 har talet på jordbruksbedrifter blitt redusert med 75 prosent.

For 70 år sidan var opp mot 20 prosent av befolkninga tilknyta landbruket. No er berre rundt 2 prosent bønder.