BYRE: Lumske skyer og utrygt for regn skræmde ikkje folk frå å delta på den andre utegudstenesta på fruktøya Byre.

Den første var i fjor, kor det møtte fram heile 160 for å vera med på den historiske gudstenesta. Byre har korkje kyrkje eller bedehus, og det har aldri før vore halde ei ordinær gudsteneste på øya.

-Flott ferje, synes Brit og Espen Idsøe, som gleda seg til gudstenesta på Byre. -Fint tiltak, meiner dei. Foto: Rune Nedrebø

Godt besøkt

I år kom det ikkje like mange, men gudstenesta var like vel godt besøkt. Eit hundretals-personar benka seg på den nyslåtte enga til Gudmund og Kari Velve Byre for å høyra presten, Tor Egil Eriksen, tala.

I år var det også rydda rundt dammen til ekteparet Byre, og den låg og blinka full av vassliljer midt i alt det grøne.

Fire søsken som alle har sitt opphav på Byre, samla til gudstenesta. Frå venstre Astrid Runestad, Gjertrud Byre Fet, Gudmund Byre og Annbjørg Byre Gåsemyr. Foto: Rune Nedrebø

Ei oppleving

I år, som i fjor baud familien Mossige på flott musikk og sang, og då sola kikka fram bak skyene blei det ei andaktsfull stund på sletta på Byre.

Etter gudstenesta var det kyrkjekaffi og kaker og drøs mellom kjente og ukjente.

Gudstenesta blei også i år ringd inn ved at kyrkjetenaren på Fogn, Dag Olav Sæbøvåg, med slo på det same spettet som i fjor. Lyden bar like godt denne søndagen, men til skilnad frå i fjor hadde klokkaren i år utstyrt seg med solide øyreklokker.

Nytt i år var det også at den tilreisande delen av kyrkjelyden, fekk reisa med den splitter nye ferja «Ryfylke». For mange var dette ei ny oppleving, og eit stor framskritt i forhold til den gamle ferja «Rygerfjell».

Fint å flytta litt rundt

Det er blitt skoga rundt dammen på Byre, som nå framstod som ein liten idyll. Foto: Rune Nedrebø

Store vindu i salongen nær havflata gjorde reisa til ei heilt anna oppleving enn med den gamle ferja, kor passasjerane måtte sitja nede under dekke og ikkje fekk sjå noko.

Brit og Espen Idsøe var blant dei som hadde teke turen frå Finnøy til gudstenesta på Byre.

-Det er reine panoramautsikten, meiner dei.

Begge gledar seg til gudstenesta på fruktøya.

-Det er fint at nokon drar dette i gang, og det blir kjekt å koma til Byre. Det blir litt anna stemning når gudstenesta er ute enn i kyrkja, synes dei, og rosar initiativet til soknerådet om å ha gudsteneste på Byre.

-Det er bra at kyrkja brukar også andre deler av kommunen enn der kor det vanlegvis er preik, meiner dei.

Tor Egil Eriksen heldt preika også i år. Foto: Rune Nedrebø
Etter preika var det kyrkjekaffi og rikeleg med kaker. Foto: Rune Nedrebø