Interiør frå nybygget til Finnøy sjukeheim.

STAVANGER: Det går fram av eit notat til formannskapet frå kommunedirektøren, i forbindelse med at nybygget skal opp til politisk behandling der på torsdag.,

For to år sidan blei prisen anslått til 122 millionar, men dette har stadig auka. Først til 140 millionar, så 179 millionar og til slutt 251 millionar. Men det var før prisen på dei siste jobbane, nemlig flis-, mur- og malararbeid kom inn.

Pristilbudet på desse jobbane er på 21,5 millionar kroner, 8,5 millionar meir enn anslått. Men dette kan bli justert når tilbuda er sett nærare på, blir det understreka.

Sjølv om notatet ikkje konkluderer når det gjeld om anbudet på nybygget skal avbrytast og sendast ut på ny runde, er det likevel klart at argumenta for å gå vidare med dei pristilbuda er i overvekt.

Mellom anna blir det peika på at kvadratmeterprisen ikkje er høgare enn landsgjennomsnittet, og i desse prisane er ikkje uteområder, spoesialkostnader og prisigning rekna inn, slik det er gjort for nybygget til sjukeheimen. Kommunen konkluderer difor med at nybygget har ein prislapp som er "grei" i forhold til gjennomsnittet i landet.

Det blir dessutan peika på at viss nybygget skal ut på anbud igjen, så må det gå seks månader før det kan gjerast. Då kan det vera risiko for rettsaker frå nokre av tilbydarane som har fått napp.

Skal det unngås må prosjektet arbeidast ein god del om, noko som vil ta minst eit år. Dessutan har Husbanken sett frist for byggestart til april i år for å gi støtte til prosjektet. Det blir også påpeika at presset på byggemarknaden er stor, og at ei ny utlysing sannsynlegvis vil føra til høgare prisar, ikkje minst som ein følga av forventa prisstiging på grunn av konflikten i Ukraina, heiter det.

Det blir også påpeika at grunnen til at prosjektet er igangsett, er at det er større avvik i forhold til brannvern i det eksisterande bygget. Dette er noko som i såfall må ordnast, viss anbudet nå blir avbrote.

Sjukeheimen på Judaberg har manglar når det gjeld brannsikkerhet, noko som må utbetrast viss nybygget blir utsett.

Til slutt er Høyres forslag om å la nybygget bli ein del av ein større sjukeheim omtalt.

"Dette forslaget er ikke vurdert ettersom forslaget vil kreve en mer omfattende og tidkrevende vurdering, men det kan anslås med høy grad av sikkerhet at forslaget vil føre til enda større

konsekvenser i forhold til kostnader og fremdrift", heiter det.