Jesus har stått opp, spelt av Emanuel Frestad.||Jublande glede etter at Jesus har stått opp,.|Golgata, i Finnøy -landskapet.||Judas-kysset. Judas blei spelt av Aslak Bråtveit og Jesus av Tolli Frestad.|Jesus har stått opp, spelt av Emanuel Frestad.

FINNØY

: Trass i trugande snøbyger i Boknafjorden og polar-kuling frå nordvest, koste publikum seg under påskevandringa i det flotte, åpne landskapet.,

Snøbygene heldt seg heldigvis unna, og etter kvart roa det hissige vintervêret seg litt.

Jublande glede etter at Jesus har stått opp,. Foto: FOTO: Rune Nedrebø

På seks postar blei publikum losa gjennom påskeveka, frå Palmesøndag til oppstandelsen første påskedag.

Vandringa fekk ei symbolsk og flott avslutning på den sjuande posten,  der eit kor sett saman for ankedningen ga til beste den vakre salmen "Deg være ære".

Golgata, i Finnøy-landskapet. Foto: FOTO: Rune Nedrebø

I Apalvika var det rigga til med grillar og telt for dei som ville avslutta med ein matbit. Her var det både solsteik og lunt for nordavinden.

Totalt 10 grupper med 50-80 deltakarar i kvar var med på arrangementet. Ifølge søndagsskulen på Finnøy, som stod bak arrangementet, var det 300 bilar på parkeringsplassen, og rundt 800 som deltok på vandringa.

-Dette ga oss både klump i halsen og tårer i augekroken. Det er ei fin inngang til påskeveka, seier Lovise Espevik frå Bryne, som var på arrangementet saman mann, dotter og barnebarn.

Judas-kysset. Judas blei spelt av Aslak Bråtveit og Jesus av Tolli Frestad. Foto: FOTO: Rune Nedrebø