Ny kokk styrer komlegryta på Sjernarøy Maritim

Etter 20 år og tallause komlegryter gir Sigfrid Joa seg som kokk på Sjernarøy Maritim. Nå trør Michael Vatland frå Sandnes til og lovar fortsatt ekte «Sigfrid-komler»

  • Rune Nedrebø
Publisert: Publisert:
Sigfrid Joa gir frå seg ansvaret for komlegryta til Michael Vatland. -Han kjem til å bedåra damene, trur Joa.|Sigfrid Joa gir frå seg ansvaret for komlegryta til Michael Vatland. -Han kjem til å bedåra damene, trur Joa.|Michael Vatland har erfaring som kokk, og har også laga komler før.

SJERNARØY: Skjærtorsdag er det tradisjonen tru komletorsdag på Sjernarøy Maritim. Men nytt i år er at det er ny kokk. Michael Vatland frå Sandnes skal sørga for at det fortsatt blir komler på bordet i restauranten.,

Michael Vatland har erfaring som kokk, og har også laga komler før.

Sigfrid Joa gir seg etter å ha hatt ansvaret for komlene i 20 år, men stiller opp for å gi råd og vink og gi oppskrifta på komlene hennar vidare til den nye kokken.

-Det er viktig å ikkje røra i komlegryta, bare rista henne slik at komlene flyt opp, formanar ho.

Michael Vatland er elles ingen nykommar i komlegamet. Han har laga komler før, har tatt kokkeutdanninga og har jobba som kokk i Stavanger, mellom anna på restauranten Bevaremegvel og NB Sørensen.

-Når eigaren trong hjelp med komlegryta, stilte eg opp, seier Vatland, som er ein venn av familien. I tillegg til kokkeleringa jobbar han også i olja.

Han lovar at besøkande fortsatt skal få komler med gjenkjenneleg "Sigfrid-kvalitet" på Sjernarøy Maritim.

I tillegg til påsken, skal han også vera kokk og laga komler kvar torsdag i juli. Også det tradisjonen tru.

-Han kjem nok til å bedåra alle damene i restauranten, så flott som han er, er Sigfrid Joa overbevist om.

Sjølv om den nye kokken lovar å vera tru mot komleoppskrifta, varslar han likevel at det blir ei lita endring.

-Eg kjem til å laga kålrotstappe, det har det ikkje vore før. Det går med meir kålrot, men det er dobbelt så godt, meiner han.