«Hidle», her ved kai på Fogn, har motorproblem og kjem tidlegast tilbake i drift i førsten av neste veke.

FINNØY: Det er andre gong på kort tid det oppstår problemer med ferja. Sist var det ein «truster», motoren til einnav dei to propellane som rauk. Då blei det eit lengre opphald på verkstad på Rubbestadneset på Stord.,

Også denne gongen er det problem med ein propellmotor, den same som sist. Men nå kjem det ekspertar frå fabrikken i Tyskland til Stavanger for å prøva å utbetra feilen der.

-Det er sjølvsagt kjedeleg, men me håpar å få ferja tilbake i drift så snart som mulig, seier driftleiar Annette Røberg i Norled til Øyposten. Ho håpar det kannskje i begynnelsen av neste veke.

Ferja fekk problem torsdag, og er erstatta av den gamle travaren « Sjernarøy».