Bli med å bestem din eigen kvardag

Kva vil du gjera for at kommunedelen din skal bli ein endå betre plass å bu?

Kommunen har ikkje «heila vede», dei vil ha di hjelp.
  • Oddbjørg Måland
Publisert: Publisert:

Kommunen ønskjer å utfordra innbyggarane, lokalt næringsliv og frivillige organisasjonar til å senda inn gode forslag til korleisinnbyggarane kan få det endå betre. Det er dei som bur og brukar lokalsamfunnet som veit kor skoen trykker.

– Me vil invitera nye deltakere inn til å vera med å løysa utfordringane saman med oss. Det er spennande å setta nærmiljøutvikling, nærdemokrati og samfunnsdialog saman i ein felles plan og få fram synergiane, skriv rådgjevar for innbyggardialog, Milena Suboticki på kommunen sine sider.

Strategi for nærmiljøutvikling og samfunnsdialog er eit viktig verktøy for å nå målet i samfunnsdelen i kommueplanenom driftige lokalmiljø.

Send forslag innan 15.august på kommunen sine heimesider.