Morten Hovdet er fastlege i Finnøy. Foto: Oddbjørg M. Måland

FINNØY: Legekontor på Finnøy har tre fastlegar og 250 ledige plassar til saman. Ein av legane har to på venteliste, difor blir talet i praksis 248.

I Rennesøy er det fire fastlegar som til saman har 38 som ventar på fastlege.

Kommunar over heile landet slit med å få tak i legar. Sjølv om alle har rett på fastlege antydar legeforeningen at 130.000 nordmenn er utan fastlege.

Fullt nærmast byen

Øyposten har snakka med kommunelege i Finnøy og Rennesøy Morten Hovdet kva den skeive fordelinga skuldast.

- Forklaringa er enkel. Stavanger kommune har omtrent ingen ledige listeplassar. Pasientar busett i Stavanger og omegn vel nok fyrst dei legane som held til nærmast bustaden. Det vil sei at Rennesøy blir fylt opp fyrst, og Finnøy etter kvart. Det er tungvint for folk i Stavanger å komma til Rennesøy, og enda meir tungvint å reisa til Finnøy. Nokon veit heller ikkje kor Finnøy er før dei bestiller time. For mange busett i byen er ikkje Rennesøy og Finnøy særleg ynskjeleg, difor er det viktig at det blir fleire listeplassar i byen, seier Hovdet.

Lågare listetak

Både Rennesøy og Finnøy hadde relativ god listekapasitet og ledige plasser ved kommunesamanslåinga. Kommunedelen Finnøy har eit listetak på 3400 plassar (3200 innbyggarar) altså fleire enn innbyggartalet. Rennesøy-legane har listetak på 4000 og rundt 4800 innbyggarar, pluss èin ekstra lege.

- Kvifor er det slik?

- Det kan bety at folk som bur i Rennesøy nok i større grad har fastlege i byen, det er mange som pendlar ut og inn til Rennesøy. Dessutan er det slik at med fastlegeordninga kan pasientane velje den legen ein ynskjer. Då kan det jo hende at legekontoret på Rennesøy er meir «populært» enn Finnøy?

Konklusjonen er trur eg, mest geografi og avstand til legen, samt at listetaka er lågare i Rennesøy.