Startskot for frå «dør til dør» mot luftlinjer
Onsdag gjekk startskotet for «Folkeaksjonen mot Monstermaster» på Finnøy. Aksjonistane håpar å samla underskrifter frå mesteparten av finnøy- og fognbuane mot Lnett sine planer om luftlinjer over øyane.
FINNØY: Den sjølvoppnemnde aksjonsgruppa med Arild Flesjå i spissen tromma saman til møte i Fleirbrukshallen onsdag kveld. Her blei underskriftslister med informasjonsskriv og bilete av korleis luftlinjene vil ta seg ut i øylandskapet, fordelt.
Det er Lyse-selskapet Lnett som har lagt fram planar om ulike trasear over øyane for den nye 132 kilovolts kraftlinja som skal gå over Fogn, Finnøy og Rennesøy. Det er stor mangel på kraft i øyane, og Lnett har planlagt den nye forbindelsen som luftspenn over land.
Det er aksjonistane sjølv som har laga bileta som viser luftlinjene på tre ulike stader på Finnøy: I Kvitevika, på Sevheim og på Berge.
-Det vil koma master som er høgare enn dei som er vist på biletet. Me har vist 18–19 meter høge master, men det vil også koma 28 meter høge master, opplyste Arild Flesjå.
Men, for ikkje å bli skulda for «krisemaksimering», held dei seg til det lågaste alternativet.
Med på møtet var mellom anna Rennesøy og Finnøy Turlag, Leif Arne Moi Nilsen og Tor Bernhard Harestad frå Frp og Jon Olav Runestad frå Ap. Også Høyres Elin Schanche var invitert, men ho hadde ikkje anledning til å møta.
Nå skal eit 20-tals personar banka på alle dører på Finnøy og Fogn for å samla flest mulig underskrifter mot planane. Målet er å få dette gjort i løpet av veka. Deretter vil underskriftene bli overlevert til ordføraren i Stavanger.
Det fall mange harde ord om Lnett sine planar på møtet, og særleg frå Frp-hald blei selskapet møtt med mistru. Mellom anna blei det hevda at illustrasjonar som skal visa kva naturinngrep det er snakk om, blir underdrivne frå Lnett si side.
Blant dei som hadde ordet var tidlegare kommunelege Eivind Vestbø. Han peika spesielt på betydningen av «kvardags-friluftsliv».
-Det er dei mulighetene me har til å oppleva natur rundt dørene som betyr mest for folkehelsa, slo Vestbø fast, og kalla det eit «mistrivselstiltak» viss øynaturen blir øydelagt.
Arild Flesjå opplyste også det kortaste luftspennet over Finnøy vil gjera at bøndene vil mista 30 dekar med spreieareal. Både bøndene, riksantikvaren, naturinteressene, reiselivet og folk flest er mot luftspenn, hevda han.
Det blei også sagt at bygging av luftspenn vil ta mykje lenger tid enn å leggja kabel i sjø eller bakken, på grunn av den sterke motstanden.
-Viss me får bortimot 100 prosent oppslutning om aksjonen vår, er eg overbevist at det vil ha betydning, konkluderte Arild Flesjå.