Link Arkitektur har laga ei rekke skisser til korleis Vikevåg kan utviklast. Her er nokre smakebitar:
Coop Extra (t.h.), med helsehus på toppen, får ein meir samenhengande fasade som ei moderne sjøhusrekkje. Kulturhuset Meieriet blir åpna opp, og det blir uteplass der kor det i dag er parkering. Foto: Link Arkitektur
RENNESØY: Mulighetsstudien for Vikevåg lanserer tre forslag, kor det eine inneber nybygg der kor «Gjenbruken» er i dag.
Men kommunedirektøren foreslår at det blir venta med utbygging på denne tomta, til behovet er der. I staden vil kommunen ha ei fullstendig rehabilitering av Kulturhuset Meieriet og tilbygg til helsehuset i Coop Extra-bygget.
Meieriet vil då framstå som eit nytt bygg i Vikevåg, og vil bli Rennesøy si nye storstove og ein naturleg møteplass for innbyggjarane, heiter det frå kommunen.
Kommunen meiner også at det bør vurderast å flytta busstrafikken vekk frå kaiområdet for å sikra eit bilfritt sentrum og opparbeiding av torg.
Det blir også tilrådd at det gamle kommunehuset blir seld og tomta omregulert til bustader. Lågterskeltilbudet i det verna sjøhuset (MC-huset) blir verande til det er funne nye lokjaler. NAV blir verande i Vågentunet. Forslaget kjem opp i kommunedelsutvalet neste veke.
Heile mulighetsstudien frå Link Arkitektur kan du lesa her:
Kulturhuset Meieriet sett frå søraust. Kafé med stor uteplass. Aktivitetar og soner på torget. Avgrensningar hindrar innkjøring på torget og skaper ein sosial og trygg opphalds- og aktivitetsone for alle aldersgrupper. Foto: Link ArkitekturMeieriet transformert til kafé, innbyggerservice, innbyggertorg, bibliotek, scene og ungdom og fritid. Uteområda har sitjeplassar, utescene, aktivitetar og soner for alle aldersgrupper. Hovudinngang i aust er i det midtre partiet. Foto: Link ArkitekturVindusflatene i første etasje er åpna opp og meir eller mindre bevart med mindre vindu i andre etasje. Utvendig trapp er fjerna og erstatta med ny innvendig trapp ved personalinngang i vest. Foto: Link ArkitekturStore steinar og beplantning avgrensar mot vei og skaper sittesoner rundt bygget også på nordvest side. Scene-bakdel er kledd i metallplater og utvida mot aust. Foto: Link ArkitekturKafé i første etasje, ny trapp til 2 etg., utgang til uteområder på terrassen. Kaféen heiter Meieriet og konseptet er et litt røffare meieri-stil, med pussa betonggolv, treflater, railwayfliser, grøne planter, melkespann og melkeflaser med lys i. Foto: Link ArkitekturKafé med utsikt i første etasje. Foto: Link ArkitekturInngangsparti trekt inn, melkeflaskevegg lagar eit lite skilje til kafé fra bibliotek, innbyggartorg og innbyggarservice. Sittesoner i vinduet. Foto: Link ArkitekturTrapp fører opp til andre etasje. Gang fører videre inn til innbyggarservice og innbyggartorg. Foto: Link ArkitekturArbeidsstasjonar til bibliotek. Fleire soner for publikum til å jobba, studera, sitje ned, lese, eller ha småmøter. Vikevågs nye storstove og den viktigaste sosiale møteplassen for alle. Foto: Link ArkitekturSittesoner i vinduene skal laga liv sett utanfrå. Foto: Link ArkitekturInnbyggarservice. Foaje for publikum ved konsertar, utanfor er scene med lysvegg og opphaldsone. Foto: Link ArkitekturNybygget på kaien. Halve sjøhus som vil gi tilknytning til eldre sjøhusbebyggelse. Dette ligg ikkje inne i kommunedirektøren sitt forslag. Foto: Link Arkitektur Foto: Link Arkitektur