Marie Therese Reilstad i Finnøy Blomster, Anne Lise Sherling, butikksjef på Coop Finnøy og Tove Rosland i Kaihuset ynskjer velkommen til julehandel, og oppfordrar kundane om å fylgja reglane for smittevern. (Foto: Rune Nedrebø)

FINNØY:

-Julehandelen er veldig viktig for oss, difor er det viktig å vera påpasseleg slik at me slepp eit korona-utbrot her, midt i julehandelen, seier Anne Lise Sherling, butikksjef på Coop Finnøy, Marie Therese Reilstad i Finnøy Blomster og Tove Rosland i Kaihuset.,

Samstundes som dei tre oppfordrar finnøybuen til å handla lokalt til jul, oppfordrar dei også om at folk tar forholdsreglar.

-Følg smittereglane, hald avstand og prøv å unngå dei mest travle tidene. Det beste er om me fekk forelt handelen ut over dagen. Heile familien treng kanskje ikkje gå i butikken samtidig heller, seier dei tre.

Eit kortonautbrot kan få store følger, speisielt for dei små butikkane.

-Eg måtte stengt butikken, noko som ville vore merkbart. Desember-handelen pleier å vera veldig god, seier Tove Rosland i Kaihuset, og får støtte frå dei to andre.