Hockey-kamp på Lauvsnesvatnet for eit par veker sidan.

FINNØY:

Den blanke stålisen blei borte med vêromslaget, og det ligg snø på isen. Men på Lauvsnesvatnet på Finnøy er han utan disusjon sikker nok. Isen er nemleg målt til heile 24 centimeter, noko som er den tjukkaste isen i nokon av dei 13 vatna kor kommunen måler istjukna.,

.

Mykje folk på Dalestemmen tidlegare denne månaden, og isen skal fortsatt vera trygg å ferdast på.

På Dalestemmen på Rennesøy er isen målt til 17 centimeter, noko som er fire centimeter meir enn kommunen meiner må til for at det skal vera trygt å opphalda seg på isen. Også her er det snø på isen.