Tilsette ved sjukeheimen på Finnøy reagerer at øyas største arbeidsplass ikkje blir teken med på råd når det skal lagast nye båtruter. Øverst i tappa: Bente Nordvik, Ingeborg Bø Rolfsen og Gaute Tengesdal.

FINNØY:

- Mykje hovudbry kunne vore unngått om Finnøy Helse- og Omsorgssenter kunne fått vore med på høyring når nye båtruter skal innførast, seier virksomhetsleiar Gaute Tengesdal ved sjukeheimen på Finnøy til Øyposten.,

-Me spør oss sjølv om kvifor fylkeskommunen gjer slike endringar, utan å undersøkja hos næringsliv og arbeidsgjevarar korleis endringar i rutene påverkar dei. Finnøy Helse- og omsorgssenter er ein av dei største arbeidsplassane i området, og har mange tilsette som bur på øyane og reiser med hurtigbåt eller ferjer. I tillegg er me avhengig av båttilbudet i heimetenesta. Kvar dag har me fleire sjukepleiarar og helsefagarbeidarar som skal på heimebesøk rundt på alle øyane. Dette er i seg sjølv ein svært ressurskrevjande prosess, men endå meir når kommunikasjonen internt både mellom øyane, og til og frå Judaberg, er utfordrande, seier Tengesdal.

Fogn har flest

Av alle øyane er det Fogn som har desidert flest tilsette som jobbar på sjukeheimen. Til saman 12 personar frå øya har arbeidsplassen sin på Finnøy Helse- og  Omsorgssenter, og i tillegg kjem tilsette ved Fåtunet og Miljøtenesta, samt ekstravakter og vikarar.

- Det er alltid ei utfordring å få denne kabalen til å gå opp. Me har tilsette ifrå alle øyane, som alle ynskjer å komma seg fram og tilbake så smidig som mogleg. Med litt ekstra innsats klarer me å «snirkla» oss rundt å komma i mål med vaktplanane. Men etter nyttår blei det ekstra utfordrande, spesielt for pendlarane ifrå Fogn, seier avdelingsleiar Bente Nordvik.

Problemet er størst om morgonen, i tillegg til helger og heilagdagar. Før gjekk ferja ifrå Fogn til Judaberg på kvardagar klokka 0700, no er avgangstida endra til klokka 0720. Det betyr at dei tilsette kjem for seint til dagvakta som startar klokka 0730. Sundag morgon er avgangstida klokka 0745, medan dagvakta byrjar 0730. Sundag kveld er det ein heil time å venta ifrå kveldsvakta er slutt klokka 2140, og til ferja går klokka 2240. Det er også endringar i ruta om morgonen som berører nattevakter som skal nordover, som gjer at dei er seint heime etter nattevakt.

Vil på jobb til rett tid

Plasstillitsvald på sjukeheimen, Ingeborg Bø Rolfsen  meiner mykje av problemet kunne vore løyst dersom det hadde vore hurtigbåt mellom øyane om morgonen.

-Men, fyrste båt til Judaberg frå Fogn går seinare enn ferja. Vårt ynskje er at dei tilsette skal kunne komma på jobb når dei skal for å kunne avløysa skiftet som går av. Men med dei nye rutene blir det forskyvingar i begge endar, og då påverkar det både dei som skal på jobb og dei som er ferdige på jobb. Det handlar om å komma på jobb når arbeidsdagen byrjar og komma seg heim igjen når den er slutt, anten med ferje eller hurtigbåt, seier Ingeborg Bø Rolfsen.

Kolumbus har lova at ferjene skal evaluerast rundt påsketider, og oppfordrar reisande å koma med innspel.