"Restauration" blei helsa med norske flagg og eit 50-tals frammøtte då skuta kom til Utstein Kloster Hotell søndag kveld.||Cato Østerhus spretta "champagnen", som var alkoholfri, då "Restauration" var vel i havn.|Hektisk på kaien då skuta skulle fortøyast.||"Restauration" blei helsa med norske flagg og eit 50-tals frammøtte då skuta kom til Utstein Kloster Hotell søndag kveld.|Humøret var på topp hos Odd Jakob Finnesand (t.v.) og Jostein Finnesand mens dei venta på at "Restauration" skulle koma.|"Restauration" under seil på veg inn Mastrafjorden.|Hektisk på kaien då skuta skulle fortøyast. ||"Restauration" under seil på veg inn Mastrafjorden.|Cato Østerhus spretta "champagnen", som var alkoholfri, då "Restauration" var vel i havn.

RENNESØY:

- Kva seier dei på Finnøy når "Restauration" ikkje skal liggja på Judaberg, undra ei av dei frammøtte på kaien.,

For at skuta nå får sin permanente base ved hotellet blei teke svært godt mot av dei frammøtte.

-Det blir kjempebra, eit løft for bygda, meiner Odd Jakob Finnesand og Jostein Finnesand.

Hektisk på kaien då skuta skulle fortøyast. Foto: FOTO: Rune Nedrebø

- Det har vore fleire skuter inn om her, men i motsetning til "Restauration" har ikkjje dei blitt liggjande, seier dei to.

Hanne Lise Kvalvik hadde vore ute i båt og fylgd "Restauration" på turen frå Åmøy til hotellet, heilt frå Vodlakaien.

Humøret var på topp hos Odd Jakob Finnesand (t.v.) og Jostein Finnesand mens dei venta på at "Restauration" skulle koma. Foto: FOTO: Rune Nedrebø

- Det er ein stor begivenhet å få ei så flott skute her, seier ho begeistra til Øyposten.

"Restauration" ankom litt forsinka, og eigar Cato Østerhus spretta ei flaske med alkoholfri "champagne" i anledningen, då skuta var forsvarleg fortøyd, og spanderte på mannskapet.

"Restauration" under seil på veg inn Mastrafjorden. Foto: FOTO: Rune Nedrebø

-Det var litt delte meiningar om når me skulle fira seilet, men turen gjekk kjempebra. Det blir fint å få henne på plass, seier Østerhus.

Cato Østerhus spretta "champagnen", som var alkoholfri, då "Restauration" var vel i havn. Foto: FOTO: Rune Nedrebø