Finnøy vann 2-1 over Tasta i heimekampen, tysdag.

FINNØY:

Finnøy sitt seiersmål blei sett inn av lovande Åsmund Halleland Mikaelsen i det siste spelminutt, i ein kamp der heimelaget låg under 0-1 ved halvtid.Eit flatterande resultat for  heimelaget, der like godt Finnøy kunne ha leia etter spel og sjansar.,

Aggressiviteten og tempoet var større og høgare enn i forrige heimekamp mot Brodd 2,  også pasningene sat i kveld langt betre og hadde adresse.Det resulterte i fleire målsjansar som også kunne ,og ved eit par tilfelle burde ,ha ført til scoring.Difor kom det som ein stor kalddusj, då ein Tasta-spelar fekk stå heilt umarkert på bakre stolpe etter corner, og lett kunne stanga bortelaget i leiinga i det 30.speleminutt.

Ga ikkje opp

Men 15- åringane til Finnøy ga ikkje opp, og i det 68 fekk dei endeleg betalt, då fognbuen Josef Bø utlikna til 1-1.Gleda og lettelsen var difor enorm,både blandt spelarane ute på banen og ikkje minst hjå trenartrioen og lagleiarar på sidelinja, då Asmund Halleland Mikaelsen scora sigersmålet på overtid i det siste speleminutt.

Dermed har Finnøy møtt alle tre topplaget så langt i sine tre første kampar.I neste kamp er det rivalane frå nabokommunen Hjelmeland som står på motsatt banehalvdel.Det kan fort bli ein ny trepoenger til Finnøy.

-Det var veldig kjekt at det denne gongen endelig gjekk vår veg,seier ein tilfreds og alltid like engasjert og pliktoppfyllande lagleiar,Torry Mikaelsen.-Også eg syntes dette var eit steg opp i forhold til sist heimekamp, der me har spela jamt med laga over oss på tabellen,men ikkje fått uttelling.I lys av det smakte denne sigeren ekstra godt, avsluttar ein tilfreds lagleiar og far til matchvinnaren.

Uavgjort for jentene

,

Finnøy sitt Jenter 15-lag er framleis ubeseira etter tre kampar i si 2.divisjonspulje.Laget står no med 7 poeng og toppar tabellen .Det etter at laget spela uavgjort 4-4 mot Midtbygden på Leikvoll i kveld.Finnøy sine mål blei sett inn av Helene Hebnes (3) og Iris Bergeland Hageland.