Her blir det vaksinering kvar fredag frå 11. februar (Foto: Rune Nedrebø)

RENNESØY:

-Folk er i fyr og flamma, det er veldig lett å samla underskrifter mot forslaget, seier ein av aksjonistane, Anny Hatlen til Øyposten.,

Sjølv om det nå er nok underskrifter til å få saka opp som eit såkjalla Innbyggerinitiativ, grensa for det er 300 underskrifter, vil aksjonistane halda fram med å samla underskrifter.

-Me kjem til å halda på ei stunmd til for å visa styrken i protestane, seier Hatlen. Mellom anna vil det bli samla underksifter på biblioteket i Rennesøy i morgon. Då er det tillyst "Bok og Kaffi" med Gaute Heivoll.

Saka kjem også opp politisk i utvalet for Kultur, idrett og samfunnsdialog i Stavanger onsdag, i form av eit spørsmål frå Senterpartiet og Arbeiderpartiet, som begge uttrykkjer skepsis til flytte-forslaget.

"Det er veldig trist for folk i Rennesøy som er glade i dette huset og har lagt ned svært mange dugnadstimar her. Det er heller ikkje i tråd med det som det tidlegare kommunestyret arbeidde for - eit levande sentrum i Vikevåg. Det er svært uheldig med ei flytting av biblioteket før framtidig plasseringer bestemt", heiter det mellom anna i grunngjevinga for spørsmålet, kor det blir vist til at Fellesnemnda for dei tre kommunane bestilte ei mulighetsstudie for plassering av Innbyggjartorget i Vikevåg.

Spørsmåla frå Bjarne Kvadsheim (sp) og Øyuvind Jacobsen (ap) er:

1. Korleis er framdrifta for moglegheitsstudien som fellesnemnda bestilte?

2.  Vil det i denne samanhengen bli sett på ei heilskapleg løysing for innbyggjartorg, bibliotek,og frivilligsentral og lagt til rette for aktivitet i sentrum?