Av Rune Nedrebø,

SJERNARØY: Den etablerte artisten tok i sommar det uvanlege skrittet å gje opp bylivet i Stavanger og flytta til vesle Sjernarøy med 400 innbyggjarar og jobben som småskulelærar.

-Eg føler eg har hatt utruleg flaks, seier Vasshus til Øyposten.

-Eg har lønn og fast jobb å gå til, det er mykje kjekkare enn å gå på NAV i byen, tykkjer ho.

For det har vore skjebnen til mange av hennar artistkollegar etter at pandemien slo inn. For mange av dei har 2020 vore eit knallhardt år.

Nå bur ho på Kyrkjøy, i eit lafta hus frå 1935, med to kattar, ei rødmalt lita løe og stor hage. Ho har kjøpt seg eplepresse og saftkokar, og drøymer om kjøkkenhage og eigne, sjølvdyrka poteter.

Vil bli verande

-Det høyres fint ut, er det blitt slik du drøymde om?

-Det er nok dei som trur at eg ikkje blir her så lenge, men eg har tenkt å bli. Eg trivst veldig godt her, pulsen slår litt saktare her enn i byen, og det passar meg godt. Folk lurer også på om det ikkje blir einsamt, men eg har ei søster og familien hennar her. Og så har eg elevane mine, som gir meg masse glede, seier Hanne Vasshus.

Katten Lucky kråar seg ved sida av henne i sofaen, og tromminga av regnet på løetaket høyres godt. Sjernarøy-hausten kan både vera rengfull og mørk, men ho saknar likevel ikkje lysa og livet i byen.

-Sola har snudd og det går mot lysare tider igjen, eg har ikkje vore vinterdeprimert i det heile, seier Vasshus.

Vasshus har to plater bak seg, og for fire år sidan fekk ho prisen som Årets Stavangerkunstnar av Stavanger kommune. I jobben som lærar på Sjernarøy oppvekstsenter har ho ansvar for sju elevar i 3. og 4. klasse, og ser si store oppgåve i å læra dei songlede og fri dei frå å ha stemmeskrekk seinare i livet.

-Det er mange vaksne som blir heilt tause når det er song på gang. Det er synd, for stemmen har me fått gratis og alle kan syngja. På skulen syng eg med elevane mine minst ein song kvar dag, og gløymer eg det er elevane kjappe å minna meg på det. Eg prøver å henta songar frå årtidene, og elles henta fram songar frå den rike songskatten vår. Det er ein viktig del av kulturarven som det dessverre er blitt lagt mindre vekt på i skulen nå, seier ho engasjert.

Band til Sjernarøy

Det var besteforeldra som ga henne og familien tilknyting til Sjernarøy. I mange år leigde dei hos Leif Steinsvik på Kyrkjøy, kor morfaren Arnt, som også var lærar, hjelpte til på garden medan mormora Märtha «fylte frysaren».

-Sommar for meg var Sjernarøy, seier ho.

Fast jobb med ordna arbeidstid betyr også ferie, for første gang på lenge, og nå ser ho fram til ei fin julehelg med turar, julegudsteneste og god mat hos søstera Beate og mannen Reidar Hauge.

-Ingen ting slår pinnekjøtet hos Beatet, slår ho fast.  Sjølv nøyer ho seg med enkel julepynting i år, utan juletre, men reknar med det bli meir sving på sakene neste jul.

-Eg må bu meg inn først, seier ho.

-Får du tid og inspirasjon til å skriva noko?

-Ja, og nå er det meir lystbetont. Eg håpar det kan bli ein singel eller to om ikkje så lenge, seier Hanne Vasshus, som også leikar med tanken på å starta vaksenkor på Sjernarøy.

Songfuglen har ikkje tagna, med andre ord.