RENNESØY:

Korpset har alt ei merittliste som omfattar konsert i kuling og mørke på Fjøløy og konsert på Rennesøys topp, "Pilå" oppfor Vikevåg.,

Nå planlegg korpset å slå til igjen i Vikevåg med ein eigen vannkonsert.

-Detaljane er ikkje klare ennå, me er førebels på planleggingsstadiet. Men eit medlem av korpset er dykkar og fotograf, og det er undervannsbileta hans me har tenkt å bruka, opplyser Sigrid Raugstad i korpset til Øyposten.

Konserten er planlagt til å gå av stabelen i mars, og førebels er Vikevåg blinka ut som ein mulig konsertarena.

-Det er komponert mykje musikk som har med vatn å gjera, både sjø og båtar og anna, men viss nokon har gode innspel er det bare å koma med det, seier Raugstad. Musikkorpset fyller snart 70 år, og er for vaksne og dei som har gått ut av skulekorpset. For tida har Rennesøy Musikkoprs 15 medlemmer, og vil gjerne ha med fleire både frå Rennesøy og Finnøy. Per dags dato er ein av medlemmene frå Finnøy.