Gudstenesta til Terje Engstrøm på Lauvsnesvatnet har blitt ein suksess. Dei som ikkje fekk den med seg sist gong, får ein ny sjanse på sundag.

FINNØY:

Fyrstkommande sundag gjentek sokneprest Terje Engstrøm suksessen ifrå sist sunddag, og tek kyrkjelyden med seg på gudsteneste på isen på Lauvsnesvatnet.,

- Det ga meirsmak å arrangera gudsteneste på isen?

Prøver igjen komande søndag

- Ja absolutt, me var heldige med været og det betyr mykje. Så sant vêret er bra nok blir det gudsteneste på Lauvsnesvatnet fystkommande sundag også. Denne gong inviterer me 5. klassingane spesielt, i samband med den årlege Bibeldagen.

Dei skal blant anna få utdelt Det nye testamentet. No ser sokneprest i Talgje og Sjernarøy sokn, Ola Vold saman med sokneråda, om det er mogleg å arrangera liknande gudstenestar på dei andre øyane, seier sokneprest Terje Engstrøm som oppmodar dei som har tenkt seg på gudsteneste om å kle seg godt, ta gjerne med mat og varm drikke og noko å sitta på.

Finnøybuar går på vatnet,

Gudstenesta blir kort med enkel liturgi, songar med bevegelsar (for å halda varmen) samt ei kort preike.

- Dette er eit kjempeflott initiativ, og heilt i tråd med kyrkja sine anbefalingar i forhold korona-restriksjonane. Slik situasjonen er no er det berre lov med10 personar inne i kyrkjerommet under gudstenestane, men ute er det lov med 200 personar og med avstand mellom kohortane.

Behovet for å møtast er like stort sjølv om det er koronatider, så å bygga fellesskap på denne måten er veldig bra. Å vera kreative og finna gode løysingar, er noko med oppmodar til. Eg veit fleire menigheitar i Stavanger har tek etter og flyttar gudstenestene utandørs, men ingen har vore på vatnet ennå, så vidt eg veit. Me er jo vane med at det berre er Jesus som går på vatnet, men no gjer heile kyrkjelyden på Finnøy det også, så dette er veldig bra, smiler kyrkjeverje i Stavanger, Rune Skagestad.