Dette kjem fram i fylkesrådmannen sitt forslag til budsjett og økonomiplan. Onsdag i neste veke kjem saka opp i samferdselsutvalet i fylket. Saka har ført til sterke reaksjonar mellom politikarane i Ryfylke, og ikkje minst i dei kommunane som vert hardast ramma av kutta i det ruteopplegget som no blir skissert. Eit forslag til rutekutt som er utarbeidd av Kolumbus som operatør. Det skal gi ei innsparing på 6,558 millionar kroner i 2021, og 6,496 millionar i 2022. Det resterande beløpet er det ei målsetjing om å spara inn når det nye anbodet på hurtigbåtrafikken i fylket skal lysast ut. Då med verknad frå 2023.,

                                      -Ryfylke og kommunane må stå saman

Jon Olav Runestad er nestleiar i kommunedelutvalet for Finnøy. Han håpar at utvalet kan få sett saka på dagsorden i neste møte i utvalet som er beramma til tirsdag 24. november.

-Sjølv om øyane i tidlegare Finnøy kommune ikkje blir sterkt ramma av dette nå i første omgang, så er kravet om ein besparelse på 40 millionar kroner dramatisk, slår Runestad fast.,-Det som er viktig for alle dei kommunane som vert berørt av dette, er at ein nå opptrer samla og at det ikkje blir til ein intern kamp mellom kommunane i forhold til kven som får sitt rutetilbod mest redusert.

-Men faktum er at det her må eit kutt i ruter til, for å imøtekoma dei statlege løyvingane til hurtigbåtar som vil bli kraftig redusert?

-For dei to første åra som dette nå gjeld, er det viktig at også me i Finnøy er viljug til å snu alle steinar i forhold til det hurtigbåttilbodet me i dag har. Då for å sjå korleis me kan bruka dei reduserte overførangane mest muleg effektivt. Her trur eg faktisk at det er ting å gjera utan at det er dramtisk, meiner Runestad . - For det er viktig å visa at også me kan ta våre kutt i solidaritet med resten av Ryfylke og regionen, slår Ap-politikar Jon Olav Runestad fast.