STAVANGER: Saka kjem opp i utvalet for by- og samfunnsutvikling neste veke, etter at fleirtalet tidlegare avviste søknaden frå Birger W. Hetland om å få riva eksisterande naust og byggja eit nytt og større.,

Vedtaket då var i tråd med innstillinga frå kommunedirektøren, som igjen la vekt på landbrukssjef Geir Helge Rygg si vurdering om at nybygget ikkje var nødvendig for gardsdrifta. Men nå har landbrukssjefen vurdert saka på ny, og har etter å ha sett på klagen frå Birger W. Hetland kome til at naustet likevel er nødvendig.

Det er også konklusjonen til kommunedirektør Gunn Jorunn Aasland, som nå rår politikarane til å seia ja til søknaden.