FINNØY

: I august 2015 busette då 26 år gamle Karim Abdullah seg saman med svoger og 10 andre familiar frå Aleppo i Syria på Finnøy.,

-I dag er det berre ein familie og ein person av desse som enno bur på Finnøy, fortel Karim.

Me møter han i Randaberg sentrum, der han saman med kona Sofia og vesle Hanan Hamdi Abdulla har busett seg på Grødem.

Karim er likevel snar med å leggja til at både han og dei andre syrerane som busette seg her, blei tekne imot på ein fantastisk måte av finnøysamfunnet. -Ja, Finnøy var som ein stor familie for oss, og me møtte bokstaveleg tala ei open dør nesten over alt når me banka på og blei ofte invitert ut på besøk til folk, undertrekar han.

-Dyrt å bu og vanskeleg å få jobb

Karim var eit kjent ansikt i lokalsamfunnet på både Finnøy og seinare på Fogn fram til han i 2018 flytta til Stavanger og Grødem.

-Eg var fast bestemt på at eg skulle læra meg norsk så tidleg og raskt eg kunne. Og den beste måten å gjera det på var å koma seg ut å prata med folk. Den reflekterte og vennlege 32 åringen har med seg ei mastergrad i jus i bagasjen frå Syria, og var fast bestemt på at han også skulle studera vidare og få seg arbeid i Norge. Det blei likevel vanskeleg. For trass i at han svært tidleg lærte seg norsk, var det vanskeleg å få seg arbeid på Finnøy.

-Det enda opp med ei 10% stilling på KIWI, og det blei for lite. I tillegg blei det både for meg og andre av mine tidlegare landsmenn frå Syria, vanskeleg og dyrt å både bu på Finnøy og i tillegg pendla til Stavanger for å gå på skule og ta norskopplæringa der. Det gjekk også med svært mykje tid den daglege pendlinga, undertrekar han.

-Det er i all fall det som var grunnen for meg til at eg flytta til byen og Nord Jæren. Dei same grunnane oppgir også alle dei fleste andre syrerane eg pratar med.

Men for nokon var det også det faktum at dei nok yngste eit meir urbant og fleirkulturellt miljø og tilbod i byen. Det inkluderte også eit langt breiare utvalg av matvarer og daglegvarer med bakgrunn frå vår kultur, religion og tradisjon. Det finn ein byen. Også det var viktig for mange, understrekar Karim.

-Men det må jo vera betydeleg dyrare å bu i byen enn på Finnøy og Fogn?

-Berre i svært liten grad. Den forskjellen var faktisk svært liten. For på Finnøy betalte  mange opp mot 13000 kroner i husleige per månad, fortel Karim.-Og det er jo veldig dyrt sjølv i dag.

-Jobb på bensinstasjon ga grunnlag for kjøp av elbil

Hovedgrunnen til at Karim flytta frå Finnøy,var at han fekk seg fast arbeid på Circel K stasjonane på Randaberg og Sola. I 2018 gifta han seg med sin kjære Sofia, som nå også har fått permanent opphaldsløyve i Norge, og nå går på norskkurs.

-Diverre er eg nå permittert på grunn av koronakrisa. Men dei tre åra eg var i fast arbeid ga meg eit økonomisk grunnlag til å gå til innkjøp av elbil, seier ein tydeleg stolt norsksyrar og smiler.

Men Karim ynskjer på ingen måte å slå seg til ro med berre å gå på ledighetstrygd. Han har difor nå byrja å omskolera seg ved å ta eit toårig studie som helsefagarbeidar.Eg vil så gjerne bidra og gi noko tilbake til det norske storsamfunnet, som har teke så godt imot oss. Og du skal heller ikkje sjå bort ifrå at me flyttar tilbake til Finnøy. For Finnøy er ein fantastisk fin plass for barn og unge å veksa opp, også for oss som kjem frå ein anna kultur og med ein annan religion som bakgrunn. Og eg har eller aldri opplevd at det har vore noko kulturelle motsetningar som vore til noko hinder for oss, avsluttar Karim og smiler igjen vennleg imot oss på sin karakteristiske måte, slik både finnøy- og fognbuen kjenner han.