Også i år vil det vera eit breitt samarbeid mellom innbyggarane, kommunen og Øyposten.,

- Me er klar! Dette er ein fin måte å rydda i nærmiljøet, seier redaktør Edd Meby i Øyposten.

Ryddeaksjonen 2018 var ein stor suksess. Det blei samla inn fleire tusen kilo plast og anna søppel. Takka vere innsatsen frå skulane, grendalag, kommunen og andre frivillige blei det ein stor dugnad for miljøet.

- Det ville vera kjekt om me fekk opp det same engasjementet i år, og det trur eg på. Finnøy Frivilligsentral har god kontakt med lag og foreiningar og dei er allereie klare. Det same gjeld skulane, der det klart at Sentralskulen på Judaberg skal ha sin ryddedag torsdag 2. mai, fortel Meby.

- Det er utruleg viktig at me klarar å få til ein slik aksjon som er til glede og nytte for alle innbyggarane i heile kommune. Det er kjekt å sjå at aksjonen engasjerer folk på øyane, i skulane, barnehagane, hagelaget og ein drøss med frivillige. Dette er veldig bra, seier leiar i Frivilligsentralen, Ragnhild Valand.

I år som i fjor, er kommunen med på ryddeaksjonen, blant anna ved å stilla containarar til disposisjon.

- Me som kommune er glad for å sjå det store engasjementet denne aksjonen skapar. Det er  kjekt at innbyggarane vil jobba for ein rein og ryddig kommune og gjera sitt til at Finnøy framleis er ein god stad å leva, seier Eirik Christophersen i kommunen.

Den store nasjonale Strandryddedagen er i år laurdag 4. mai. I fjor deltok meir enn 140.000 frivillige. I Finnøy vil nok mange rydda både før og etter, men det er verdt å merka seg tidsrommet der Finnøy kommune har eigne containerar ute i høve aksjonen: Frå og med 29. april til og med 3. mai.

Og hugs:

Ryddeaksjonen er for å gjera det reinare i nærmiljøet. Den er ikkje for at folk skal få rydda i kjellaren. Seinare vil Øyposten informera om kor containerane blir plassert.