Etter 23 år med mjølkeproduksjon er det slutt for Janne Grethe Hovda Rørheim.,

Ho er ein dedikert mjølkebonde som har motteke mange utmerkingar for jobben med kyrne, og på garden.

Seinast i mars i år fekk Janne Grethe og ektemannen Arve, TINE sin plakett for levering av elitemjølk i 20 år. Tidlegare har dei fått både 5 og 10 års plaketten, samt Sølvtina for 15 års levering av beste kvalitet mjølk. Elitemjølk er den høgaste kvalitetsmerkinga norske bønder kan få, og krev solid fagkunnskap og gode rutinar i gardsdrifta. Det er med Jersey-kyrne ho har fått alle utmerkingane.

- Det er med blanda følelsar eg no legg inn årane. Alle eg har snakka med som ha vore i same situasjon, seier det kjennes uverkeleg den fyrste månaden, men at ein venner seg fort til den nye kvardagen. Eg får stola på det. Det er ikkje fritt for at eg gruar meg til den dagen når kyrne reiser ifrå Bø eller når mjølkebilen køyrer ut av tunet for siste gong. Gjennom så mange år med kyr har dei blitt ein del av livet vårt. Eg har hatt kyr mykje lenger enn ungar, ler Janne Grethe.

Allereie som 18-åring i 1996 starta Janne Grethe med kyr. Den gong var det åtte produsentar på Fogn. Når ho no sluttar av ved årsskifte, er det berre éin produsent igjen.

- Me har jo sett denne utviklinga lenge, det gjeld ikkje berre her, men over heile landet. Eg tykkjer det er trist å oppleva at det ikkje lenger er mogleg å driva lønsamt for små mjølkebønder. Heile miljøet er borte vekk. Skulle eg fortsetta med mjølkekyr, måtte drifta leggjast om til lausdrift. Ei slik investering ville aldri vore aktuelt så lenge eg har ein mjølkekvote på 60 000 liter.

Mjølkekvoten er ferdig i løpet av november, og seld til to produsentar i Sandnes og Bjerkreim.

Nyleg blei regjeringa og Norges Bondelag einige om å kutta kraftig i mjølkeproduksjonen ifrå neste år. 100 millionar liter mjølk i året skal vekk. Det betyr at 500 bruk kan bli lagt ned. Årsaka til det kraftige kuttet er at eksportstønaden til landbruksvarer, spesielt ost, skal fasast ut.

,-

Er det dette varsla kuttet som gjer at du no vel å slutta av

?,

- Det tel i alle fall ikkje i positiv retning. Marginane er små, det er lite som skal til før det ikkje lenger er økonomisk lønsamt å driva. Eg har hatt god hjelp av far som avløysar i alle desse åra, men litt helsemessige utfordringar gjer at han ikkje kan fortsetta som før. Me må ha moglegheit til å kunne ta fri slik at det går an å reisa på ferie. Når avgjersla fyrst er teken, kjenner eg at det skal bli godt å bli litt friare, og kan bruke tida på andre ting.

Men heilt fri, blir Janne Grethe ikkje. Om kort kjem det åtte nye ammekyr av typen Vestlandsk fjordfe, som er ein gammal norsk bevaringsverdig rase. I tillegg har ho kviger og ungdyr, pluss 65 sauer, og jobben som inseminør i Geno.

- Vestlandsk fjordfe er ein truga rase. Den blir rekna for å vera den opphavlege ku-rasen på Vestlandet, og kom til Norge for fleire tusen år sidan. Desse dyra har vore i landet like lenge som det har budd menneske her. I tidlegare tider var det opp imot 60.000 slike dyr i landet, no er det berre rundt 800 igjen. Kyrne mine skal eg få ifrå Nord-Norge, det seier litt om at marknaden for denne rasen ikkje er stor. Den har mindre kjøt og mindre mjølk, men er lett på foten og god til å ta seg fram i ulendt terreng. I tillegg utnyttar den variasjonar i beite svært godt. Vestlandsk fjordfe er den eldste levande kulturhistoria i landet vårt, difor er det viktig å ta vare på den, avsluttar Janne Grethe Hovda Rørheim.

Oddbjørg M. Måland