-Dette er ein gladnyhet, seier Gaute Tengesdal. Her saman med Joar Straumstein, Lisbeth Julie Madsgård og Ingeborg Helgøy Eggebø.

- Så bra. Det er kjekt at kommunen vil satsa her. Det blir mange eldre å ta seg av i åra framover, fleire her enn i Rennesøy, seier Joar Straumstein, Lisbeth Julie Madsgård og Ingeborg Helgøy Eggebø til Øyposten.,

Dei tre ser fram til at den nye sjukeheimen blir ferdig, etter planen i  2023. Den eldste delen av sjukeheimen er frå 1958.

-Det skulle bare mangla at det ikkje blei bygging nå, me treng dette, seier Lisbeth Julie Madsgård.

- Dette er ein gladnyhet, det er det ingen tvil om. All usikkerhet om framtida for sjukeheimen bør nå vera rydda av vegen, seier Gaute Tengesdal, som er einingsleiar ved Finnøy helse- og omsorgssenter.

Ifølge Tengesdal vil oppgraderinga og utvidinga av sjukeheimen bety betre forhold både for tilsette og pasientar.

- Dei tilsette vil få ein lettare kvardag, samstundes som me kan tilby pasientane eit betre tilbod, seier Tengesdal.

I planane ligg mellom anna eit nytt tilbygg på vel 2000 kvadratmeter og eit nytt dagsenter med kafe som skal bli åpent for alle eldre. Også dette blir i nybygget.

- Det blir eit nytt tilbud på Finnøy, seier Tengesdal.

Nye Stavanger set av 10 millionar kroner til nybygg og ombygging av sjukeheimen i 2020. Deretter 30 millionar kroner året etter, så 50 millionar kroner og til slutt 26 millionar kroner siste året. Totalt 116 millionar kroner.

Satsinga vil også bety at komunen vil kunna gje eit tilbod til fleire eldre. Det er rundt 90 tilsette ved sjukeheimen i dag.

Forslaget til budsjett skal nå saumfarast av politikarane i Nye Stavanger, før det blir endeleg vedteke i formannskapet 28. november og i kommunestyret 16. desember.

Men varaordførar Dagny Sunnanå Hausken (Sp) reknar det som sikkert at løyvinga til sjukeheimen blir ståande.

- Den har eg heile tida rekna som "bankers", seier Sunnanå Hausken til Øyposten.