Politisk ørkenvandring.,

Skyggenes dal.

Opposisjon.

Dette er realiteten Senterpartiet, Venstre og KrF kan bli tvinga til å ta inn over seg, når dei tre sentrumskameratene blir rekna inn i Høyre sin portefølje. Høyre sin nedtur blir deira nedtur. For mens desse tre pleide gamal kjærleik til John Peter Hernes, har Arbeiderpartiet gjort seg lekker for med FNB. Ap har i ei tid lagt meir vekt på sakene der dei er samde med Folkeaksjonen Nei til mer bompenger (FNB), enn omvendt. Ap har vel sett at FNB ville kunne bli ein maktfaktor og har førebudd seg godt.

Ut over dagen i dag er det møter mellom dei forskjellige konstellasjonane. Det blir sagt at dei kan bli ei avklaring i løpet av dagen, og det kan på dette tidspunkt verke som om det er FNB som dikterer vilkåra når Arbeiderpartiet skal vinne tilbake makta i byen.

Om sentrumspartia blir sett på sidelinja betyr det også mindre gjennomslag for distriktsinteressene i nye Stavanger kommune. Sentrale folk som Henrik Halleland og Dagny Sunnanå Hausken vil ha redusert innflytelse, og det er ikkje godt nytt for dei som er opptekne av Finnøy og Rennesøy.

Kan Senterpartiet, Venstre og KrF komme på banen igjen?

Då må dei i så fall stå samla. Til saman har dei mista to mandat sidan førre val, og hardast har det gått ut over Venstre, som har mista tre. Senterpartiet har tre, Venstre har tre og KrF har tre. Om dei går i lag til Kari Nessa Nordtun, så har dei ni mandat å legga i potten. Det ville i så fall bety at Arbeiderpartiet ikkje treng FNB. Dette kan sette lojaliteten til Høyre på ein prøve for sentrumspartia.

KOMMENTAR

Edd Meby,

redaktør i Øyposten