Kjartan Nedrebø og Ragnhild O. Steigen har bygd ny løe på Aubø, som dei stolt viser fram saman med barna Jørgen (på armen), Sigrid og Kåre.

SJERNARØY:

Går alt etter planen blei det innflytting til helga som var. Innreiinga mangla, då Øyposten var på besøk, men elles var mykje på plass.,

- Det er på tide å få dyra i hus nå, før det blir for blautt for dei ute, seier ekteparet til Øyposten.

Nyløa på Aubø er eit av fleire nybygg i øyane for tida. Bare i  Sjernarøyane er det tre fjøs på gang, og det er også byggeaktivitetar på dei andre øyane, både i Finnøy og Rennesøy.

-Me håpar at fleire vil byggja nytt og satsa på bondeyrket, seier den unge familien på Aubø, som også håpar den nye regjeringa vil levera slik ho har lova.

-Me treng levande bygder. Eg håpar at Senterpartiet gjer ein god jobb og gjer det betre for bøndene, seier Ragnhild O. Steigen.

Frå Aukrust-bygda

Ho er oppvaksen på gard i  Kjell Aukrust-bygda Alvdal, og har funne seg godt til rette på Sjernarøy.

-Eg trivst godt her, det er ikkje så langt frå byen, samstundes som det er på bygda, seier ho.

Ekteparet overtok garden etter foreldra til Kjartan for tre år sidan, og vil satsa på å driva garden vidare. Men mjølkeproduksjonen, som før var hovudinntekta, valde dei å kutta ut til fordel for ammekyr.

-Det er vanskeleg å kombinera med jobb utanom, seier Kjartan Nedrebø. Han jobbar med gravemaskin og har eige firma, mens kona jobbar som teknisk sjef hos hurtigbåt-rederiet Rødne ved hovedbasen på Sjernarøy.

Moderne fjøs

Omlegginga av drifta frå mjølk til kjøt gjorde at de gamle fjøset ikkje fungerte optimalt. Dessutan hadde det nådd «pensjonsalder», og held ikkje ein moderne standard. Difor bestemte dei seg for heller å satsa på nybygg.

Nyfjøset på 35 ganger 16 meter skal ha plass til 30 mordyr pluss «påsett». Det er lyst og luftig, og bygd i betongelementer og stålplater. I veggene er det perforerte stålplater og luftespalte i taket, som sikrar at det er god utlufting i fjøset. Kalvane skal få sin eigen avdeling, og elles blir fjøset innreidd med bingar.

I tillegg fjøset for ammekyr, blir det bygd sauhus i forlenginga av bygget, med plass til 25 vinterfora sauer. Bygget er bygd av lokale krefter: Østhus Bygg og Maskin, Finnøy Contracting og Rennesøy Elektro. Bare innreiinga er levert av eit firma utanfrå, men ikkje lenger borte enn på Nærbø, av Fjøssystemer.

-Dei har gjort ein god jobb alle, me er veldig godt fornøyd, seier Kjartan og Ragnhild.

God hjelp frå "kårkallen"

Far til Kjartan, Andreas Nedrebø, kårkall på garden, har også bidratt med god hjelp under vegs i bygginga.

-Det er godt å ha ein erfaren rådgjevar og kjentmann som kan fylgja opp, seier dei.

Heile stasen kjem på ein stad mellom tre og fire millionar kroner, og er bygd praktisk talt utan støtte frå det offentlege. Bare 100.000 kroner fekk dei, til gjødsellageret.

-Tilskota går nå stort sett til nye mjølkefjøs. Hadde me bygd før, eller seinare,  kunne me kanskje fått meir støtte, men det var nå det passa for oss, seier dei to,  og reknar med at gardsdrifta skal gå i pluss, likevel.

-Me vil gjerne vera bønder,og føra drifta på garden vidare,  seier dei to.