Skartveit Gjestehavn får 65.000 i koronastøtte.

Forslaget kom frå kommunedirektøren, og blei vedteke i formannskapet torsdag.,

I øyane får blant anna Ryfylkekokken AS og Sjernarøy Maritim AS 85.000 kroner kvar, medan Skartveit Gjestehavn AS og Tommys Catering AS, får 65.000 kroner kvar.

Blei ramma

Hensikten med tilskotet var å setta kommunane i landet i stand til å betra situasjonen for lokale,virksomheiter som blei særleg hardt ramma av lokale eller nasjonale smitteverntiltak. Men med,friheit til å tilpassa den til lokale behov.

– Stavanger kommune vedtok saman med nabokommunanene den 25. juni i år å oppretthalde lokale koronatiltak lenger enn dei nasjonale tiltaka. Dei lokale tiltaka ramma særleg serveringsbransjen med skjenkebevilgning, med den reduserte skjenketida, skriv kommunedirektøren i forslaget.

Stavanger Aftenblad var først ute med saka.

Opptil 100.000

Støtta blir utdelt til virksomheitene som kjem inn under kriteriet; at dei blei direkte ramma av pålagt redusert skjenketid.

Det var over 100 søkarar, og pengane blir fordelt etter kor store virksomheitene er.

Store foretak med meir enn ti tilsette blir tildelt 100.000 kroner. Mellomstore foretak med fem til ni tilsette får 85.000 kroner, medan små foretak som har under fem ansatte får 65.000 kroner.

40 søknader blei avslatt ettersom dei ikkje møtte kriteriene.