Hesby barnehage blir truleg nedlagt

Hesby barnehage blir truleg nedlagt frå neste haust av. Helller ikkje eit forslag om ein mindre reduksjon enn foreslått i Rennesøy gjekk gjennom, då skulepolitikarane i Stavanger hadde saka oppe.

Høyres Sissel Knutsen Hegdal på besøk i Hesby barnehage. Høyre, Frp, Venstre og Krf fekk ikkje fleirtal for å spara barnehagen frå nedlegging.
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over to år gammel

STAVANGER:

Høyre, Krf, Venstre og Frp fekk ikkje fleirtal for forslaget om å bevara Hesby barnehage, då saka var oppe i utvalet for oppvekst og utdanning onsdag.,

Saka skal endeleg avgjerast i kommunestyret måndag, men det er lite truleg at fleirtalspartia kjem til å spara barnehagen der. Heller ikkje fleirtalet i  kommundelsutvalet i Finnøy gjekk for å oppretthalda barnehagen, men held døra open for ei gjenåpning viss behovet for plassar endrar seg.

https://www.oyposten.no/2021/12/07/ber-tynt-for-hesby-barnehage/

Leiar i utvalet for oppvekst og utdanning, Eirik Fahret Sakariassen (SV) understreka at dette er ei svært vanskeleg sak, men at synkande barnetal gjer det nødvendig å ta grep som betyr at ikkje alle foreldre får ha barna i den barnehagen dei ynskjer.

Underdekning i Rennesøy

Talet på barnehageplassar skal reduserast med 15 i både Finnøy og Rennesøy kommunedel, Hesby barnehage inkludert.

Men kommunedelsutvalet i Rennesøy har kome fram til, etter ein ringerunde, at dette vil gi ei underdekning på fire barnehageplassar i kommunen.

-Dette er barn som må prøva å få plass i barnehagar i Tasta kommunedel, viss det er plass der, sa Venstres Hege Eriksen Nordbøe i debatten.

Men direktør for oppvekst og utdanning, Helene Ohm, slår fast at viss det skulle visa seg å halda stikk, så er det plass nok i barnehagane i Rennesøy. Då blir bare talet på barnehageplassar utvida.

Kuttliste i januar

Eit forslag frå Hege Eriksen Norbø om å begrensa kuttet i Rennesøy til 10 i 2022 og fem i 2023, fekk dermed bare opposisjonen sine stemmer, minus Krf.

Ifølge Helene Ohm kjem kommunen i løpet av januar til å leggja fram forslag i løpet av januar om kva barnehagar i dei ulike kommunedelane, som skal få færre plassar.

Totalt skal 210 plassar bort frå neste haust. Kommunen skal nå likevel gå i dialog med private barnehagers landsforbund med sikte på færre plassar i private barnehagar, noko kommunen ikkje kan påleggja.

Skulepolitikarane vedtok også å presisera at alle barn skal ha rett på barehageplass i sin kommunedel, og at det skal vera tilbod om plass i barnehagar med fire avdelingar for barn med spesielle behov.

Publisert: