Kjell Nes, næringsdrivande på Ombo, tidlegare ordførar og medlem i Arbeidsgruppe Øyfast, trekk seg no frå vervet i Øyfast-gruppa i protest. Bakgrunnen er Finnøy kommune si behandling av saka om kaia på Skartveit, der kommunen og næringsdrivande Ketil Ørnes ikkje er einige om eigarskapet. Kommunen har stemna Ørnes for jordskifteretten og saka var oppe i kommunestyret sist måndag.

I eit innlegg som blir publisert i Øyposten i morgon, skriv Nes blant anna:

"Etter det som i ettertid er kome fram, har dei (formannskapet) gitt frå seg all makt i denne saka til rådmannen.  Heller ikkje ordføraren kan gripa inn i saka utan at kommunestyret gjer om formannskapsvedtaket.  Og rådmannen har ikkje berre fullmakt til å føra sak mot ein næringsdrivande innbyggjar, også kommunens disposisjonsfond er til rådvelde.  Det manglar altså ikkje på økonomiske ressursar når Kjetil Ørnes og familien si verksemd skal i kne.  Og rådmannen med advokat kan tura fram med å produsera rettsdokument i søkk og kav heilt utan at politisk leiing i kommunen grip inn.

Kjell Nes peikar på slagordet til kommunen, "Saman for folk i Finnøy", og skriv:

"Det kan ikkje vera i tråd med slagordet til kommunen at ei familieverksemd på Skartveit skal dragast for retten for løysa ei konflikt som eigenleg ikkje er noko konflikt."