Landbrukssjef Geir Helge Rygg har endra meining når det gjeld naustet på Helgøy.

FINNØY:

Landbrukssjefen i Stavanger opplever «naust-problematikken» som vanskeleg, og signaliserer at det må bli ein gjennomgang av regelverket i forbindelse med den nye kommuneplanen for Stavanger.,

-Med bakgrunn i dei konkrete sakene om dette som har vore i Finnøy kommunedel, og det engasjementet som er i saka frå Bondelaget si side, er dette noko må sjå på, seier Rygg til Øyposten.

-Betyr det at du vil ta til orde for ei oppmjuking?

-Eg ser absolutt at noko må gjerast, og det kan godt vera at svaret blir at det skal bli ei oppmjuking. Men det er tidleg i prosessen ennå, og det er viktig at alle som har interesser i dette engasjerer seg i arbeidet med kommuneplanen, understrekar landbrukssjefen.

Han legg til at han ser klart konflikten mellom målsettingane i  landbrukspolitikken om at bøndene må skaffa seg nye bein å stå på, tilleggsnæringar, og det strenge regelverket for å få lov til å byggja naust.

-Landbruksforvaltninga er pålagt å gjera ei vurdering om behovet er til stades for eit naust, i den grad at det ikkje er nødvendig å søkja dispensasjon frå LNF-formålet. Er behovet til stades er det ikkje nødvendig med dispensasjon, men om det strengt tatt er nødvendig er det opp til oss å vurdera.

-Bør ikkje bonden sitt ord om at det er nødvendig vera avgjerande?

-Som i alle andre søknader må kommunen gjera ei vurdering, og den ligg til oss. Og bonden sine ønske må vegast mot interessene til felleskapet. Men med bakgrunn i dei sakene som har vore, ser eg heilt klart at det er behov for ein gjennomgang og ei klargjering av regelverket,  seier Rygg.

Arealdelen av kommuneplanen, som denne problematikken kjem inn under, skal vera ferdig behandla i løpet av neste år. Regelverket for mellom anna naustbygging vil også vera gjenstand for ein diskusjon med statsforvaltaren i forhold til nasjonale mål og retningslinjer.