Tekst: Jon Asgaut Flesjå Foto: Privat

-Den vesle kommunen med berre 3200 innbyggjarar og eit A-lag i 7.divisjon, har verkeleg vist Start vinterveien og vil få med seg eit barndomsminne som dei aldri kjem til å gløyma, sa Fedrelandsvennen sin nettreportar på direkte TV, då bortelaget banka inn 6-0 like før slutt. Sjølv om dei talrike finnøysupportarane hjalp godt til med ivrige heiarop for å gi sørlendingane ei 2- 6 redusering i sluttminutta, var det ikkje noko som kunne hindra finnøykaptein og banens beste, talgjebuen Berner Meling jr., i hå hevja den store seierspokalen over hovudet etter kampslutt.Det som eit synleg bevis på at dette også utan tvil er den største prestasjonen som noko finnøylag har gjort på fotballbanen nokon sinne.

Når kampen er over ligg gråtkvalte,gulsvarte startspelarar strøydd utover kunstgrasmatta på Sør Arena, medan jublande finnøygutar ligg i ein svær raudkvit haug i midsirkelen og ut på banenn kjem jublande og dansande foreldre frå tomatøya strøymande til.

-NOKO AV DET STØRSTE EG HAR VORE MED PÅ

Han har heile 374 A-lagskampar for både Vidar og Bryne på nivå to i norsk toppfotball, og ein semifinaleplass som guttespelar i Dana-cup. Men ingen oppleving på fotballbanen fram til no kan måla seg med den surralistiske opplevinga trenar og far, Geir Åge Brandeggen, fekk med seg denne søndag føremiddag på Sør Arena.

-Min tidlegare lagkamerat i Bryne og mangårig Start-kaptein, Bård Borgersen, kom bort til meg etter kampen og lurte på kva lag dette var og korleis me hadde fått dette til. For både på tribunen og ute på banen måtte unge og ambisiøse spelarar frå Start-akademiet, sjå gutane frå småøyane i vesle Finnøy kommune "høvla over dei" med heile 6-2.

Korleis kan dette late seg gjera, Geir Åge?

-Me har hatt gjengen samla til trening i gjennomsnitt to gonger i veka heilt sidan dei var 6-7 år gamle. Iveren og gleda ved å spela fotball har alltid vore der, i tillegg til at dei elskar å spela fotball også på fritida. Når dei då i tillegg har mogelegheit til å boltra seg på ei flott kunstgrasmatte i skulegarden i kvart friminutt  kvar einaste dag, så er også grunnlaget til å bli skikkeleg god til stades. Denne mogelegheita kan ikkje undervurderast, understrekar Geir Åge som skryt over kommune sin velvilje til på den måten å leggja forholda til rette for fotballleik  i skule og fritid.

- No får me verkeleg betalt for både dette og mange sure, kalde og vindfulle haust- og vinterkveldar på kunstgraset på Leikvoll, smiler byassen og tomatgartnaren som altså måtte flytta til vesle Finnøy for å få den største opplevinga på fotballbanen. Men kanskje har Finnøy Idrettslag og øysamfunnet like mykje både han sjølv og hans dyktige trenarkollegie mest å takka for desse 16 flotte ambassadørane for øysamfunnet vårt som verkeleg sette Finnøy på fotballkartet for første gong denne siste søndagen i juni.

-For; " Hvor kommer dere egentlig fra", spurde ein av startspelarane sin sidemann frå Finnøy  då dei marsjerte ut på banen før kamp.

No er me viss på at heile Sørlandet veit det!