Frisbeegolf i solnedgang på nyetablerte Fogn frisbee - Utsikten.

FOGN:

Det er idrettslaget som har hive seg på trenden, og i helga sto Fogn Frisbeegolf- Utsikten, ferdig til bruk.,

Idrettslaget inviterte til namekonkurranse, og landa på forslaget frå Øyvind Sandanger;  Fogn Frisbeegolf – Utsikten.

Banen ligg i «Vesthaien» på garden til Jon Olav Østhus på Sæbø, ned mot Bøvågen.

Det er Håvard Østhus som har vore pådrivar for prosjektet og fekk med seg idrettslaget som har finansiert banen med pengar frå påskebasaren.

- Eg trur mange vil gleda seg over nykomlingen, både fastbuande, hyttefolk og dagsturistar. Frisbee har blitt kjempepopulært og det er ein sport dei fleste kan driva med anten ein er nybegynnar eller meir erfaren, seier leiar i idrettslaget Jakob Bø.

Å anlegga banen med korger og diskar, eller «sjeinebrett» om ein vil, har kosta rundt 40 000 kroner. Området er rundt 10 mål stort.

- Me har brukt delar pengane frå påskebasaren til å finansiera prosjektet, me lova jo at inntektene skulle gå til å gleda fellesskapet, og det trur eg ein slik bane vil gjera.

Banen er utsyrt med alt ein treng for å spela, og den er gratis å bruka.

Dette er frisbeegolf:

Prinsippa er enkle, og mykje til felles med vanleg golf, men her bruker ein frisbee og korg i staden for hol. Det gjeld å kasta frisbeen frå A til B på færrast mogleg kast. Etter fyrste kast går ein bort til frisbeen og kastar vidare heilt til den ligg i korga. Talet på kast blir registrert og går vidare til nest «hol.» Ein bane består som oftast av 9 eller 18 hol. Banen på Fogn har ni.