Veggrøfter, stiar og strandlinjer, mest over alt i kommunen, har blitt rydda for plast og anna søppel. Og dei grøne og frodige øyane våre skin som mest aldri før etter den store rydeddagen i går, torsdag. Skular, barnehagar, hagelag, grendalag og mange andre grupperingar og privatpersonar var i aksjon, og kommunearbeidarane har hatt det svært så travelt med å samla inn alle sekkane. Containerar på kaiane er blitt tømde og fylte opp på ny, og enno vil dei bli ståande nokre dagar til over helga. Også oppdrettsselskapet Bremnes Seashore bidreg, og vil henta inn sekker sjøvegen frå område der det er vanskeleg å koma til med bil. Då primært i nærområda deira på Talgje, nordvestsida av Finnøy og på nordsida av Ombo, får ØP-nett opplyst.