Gjer klart for utviding av sjukeheimen

Den nye vegen som  går mellom omsorgsbustadane og rådhuset opp mot Otto-huset Vegen fører til eit teknisk bygg med blant anna trafo frå Lyse.

Endeleg har arbeidet med den nye sjukeheimen starta. Veg til tekninsk bygg og trafostasjonen.
  • Oddbjørg Måland
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over to år gammel

FINNØY:

Bygget skal oppførast i enden av omsorgsbustadane, og blir lite synleg frå sjukeheimen og Otto-huset.,

- Det stillast strenge krav til veg og adkomst til ein trafostasjon. Skulle det bli havari må ein lastebil enkelt kunne komma til 24/7. Difor ser vegen overdimensjonert ut akkurat slik den ser ut no, men den er ikkje bygd ein centimeter større enn kravet. Til slutt, når vegen og det tekniske bygget er ferdig, kjem dette til å sjå veldig fint ut. Prosjektet har faktisk eigen landskapsarkitekt som tek seg av det estetiske blant anna. Så her blir det planter og fine murar, lovar byggeleiar Torry Mikalsen i Sweco Norge.

Ferdig til våren

Trafobygget blir om lag 100 kvadratmeter stort, men finare enn standard trafostasjonar.

- Ja, det vil eg sei. Bygget er heller ikkje større enn minstekravet til storleik. Men med eit så stort bygg som den nye sjukeheimen er, må det nødvendigvis bli stort. Huset har tre rom som inneheld to trafoar, diselgenerator og rister. På utsida skal bygget klest me panel og malast. I likskap med resten av bygningsmassen skal taket dekkast med sedum.

- Når er vegen og trafoen klar?

- Går alt etter planen blir det i april/mai. Det tekniske bygget må vera klart før bygginga av sjølve hovudbygget kan starta. Det er her byggestraumen kjem ifrå. Når dette står ferdig er det samstundes klart til byggestart av sjølve sjukeheimen.

- Pris?

- Det veit eg ikkje. Trafo med adkomstveg er ein del av den totale sjukeheimsenterprisen som er kostnadsrekna til 179 millionar kroner. Meir nøyaktig kan eg ikkje sei.

I nybygget skal det komma kafè, dagsenter med seks plassar, sjukepleieklinikk, fotpleie, frisør og lokalar for fysioterapi og ergoterapi. Utandørs er det planlagt sansehage.

Bygget skal vera ferdig om to år.

Publisert: