Jobbar hardt i kulissane for Øyfast
Birger Hetland vil prøva å få Stavanger til å forplikta seg klarare til å jobba for Øyfast.
Helga kan bli avgjerande for kor sterkt nye Stavanger vil gå inn i Øyfast-prosjektet. Måndag skal det kommunestyret vedta budsjettet for den nye kommunen, og Hetland jobbar nå for å få med ei formulering i budsjettet som klarare forpliktar Stavanger til å jobba for Øyfast.,
Han tykkjer formuleringa i budsjettforslaget frå fleirtalspartia er for svak. Der heiter det:
«Den nye kommunens langsiktige mål er å arbeide for regional og statlig støtte, blant annet via ferjeavløsningsmidler til prosjektet «Øyfast», som vil gi de bebodde øyene i Finnøy fastlandsforbindelse mot Nord-Jæren.
Stavanger kommuner ber Rogaland fylkeskommune ta ansvar for å utrede prosjektet, og stiller til rådighet midler fra «Øyfastfondet» som Finnøy kommune tidligere har avsatt. Det bes om en utredning av de samfunnsmessige og klima- og miljømessige konsekvensene av en Øyfast-utbygging.»
-Me må ha ei kraftigare formulering enn dette, det har eg også sagt klart frå om til mine partikollegar, seier Birger Hetland.
- Kva med dei andre fleirtalspartia?
-Det er det for tidleg å seia. I denne situasjonen skulle eg gjerne hatt KrF med på laget, seier Hetland.
Øyposten konfronterte varaordførar i Stavanger, Dagny Sunnanå Hausken med spørsmålet om Stavanger fråskriv seg ansvaret for Øyfast, då budsjettforslaget blei lagt fram for nokre veker sidan. Ho svara då:
-Me kjem til å pusja på fylkeskommunen for at dette blir jobba vidare med. Øyfast kan ikkje vera Stavanger sitt ansvar, det må vera eit fylkeskommunalt prosjekt, sa Sunnanå Hausken til Øyposten.