Det er denne type skilt som er forsvunne frå Finnøy og Rennesøy

Alle dei stolne skilta har kommunenamn -og våpen, og står langs hovudvegane, ingen andre skilt er forsvunne. Det vil sei at kommuneskilta på Talgje, Judaberg, Ombo,  Austre Åmøy, Sokn og Mortavika er forsvunne. Alle desse skulle skiftast ut uansett, og fleire av dei nye, med nytt kommunenamn, er allereie på plass.,

Også fleire andre stader i landet har kommuneskilt blitt stolne i sambandmed kommunesamalåing, blant anna i Finmark, Østfold og Vest-Agder.

-Det same skjedde i Forsand, så dette ser ut til å ha blitt ein tradisjon, seier seksjonsleiar i Vei og trafikk, Trygve Petter Nilsen.

- Kva tenker å kommunen å gjera?

- Me kjem ikkje til å setta i gang etterforsking eller å politianmelda saka, men det hadde vore kjekt viss dei som har stole skilta vil bruka dei på ein måte som kjem folket til gode. Skilta gledar ingen viss dei berre blir hengande i ei løe eller ei kjallarstove, seier Nilsen.

I Trøgstad kommune i Østfold blei skilt til kommunar som forsvann frå årskiftet, selde på  TV-auksjonen i haust for 8.800 kroner.

- Ja, det er det eg meiner, la dei stolne skilta brukast til noko fornuftig, avsluttar Trygve Petter Nilsen.