-Over all forventning, synes Arve Vignes om statens tilbud.|-Ikkje langt frå kravet til bøndene, seier Øyvind Amdal.

FINNØY

: Vignes er i gang med våronna på garden på Hauskje, då Øyposten praiar han.,

-Det høyres bra ut, over all forventning, seier Vignes om Statens tilbud.

Men det er nødvendig, meiner han.

-Det trengs, ellers er det mange som vil missa motet. Det står om rekkruteringa til næringa, for dei som sluttar av begynner ikkje igjen, meiner Vignes.

-Ikkje langt frå kravet til bøndene, seier Øyvind Amdal. Foto: FOTO: Rune Nedrebø

Også Øyvind Amdal, som driv gard på Nærland, synes tilbudet høyres bra ut.

-Eg synes synd på denne regjeringa, som har fått kostnadseksplosjonen rett i fanget. Dei har det ikkje lett, meiner han.

-Tilbudet som er kome er ikkje så langt frå kravet som blei lagt fram, det er bra, seier Amdal, men understrekar at han ikkje har sett seg inn i detaljane om kven som får og kven som ikkje får i årets oppgjer.

-Men, dette er ei regjering som har eit opprektig ønske om å løfta inntektene for bøndene, seier han.