Kirsten og Per Jakob Eike utfor bedehuset på Bjergøy, som fylgde med då dei kjøpte nabogarden Venja.|Sykkel og gangsti, Vikekleiva||||-Her kunne det blitt ein fin, hellelagd uteplass, drøymer Kirsten Vestergaard Eike om. Hellene er alt på plass. |Kirsten Vestergaard Eike sjekkar trøorgelet.|Her kunne det vore basar eller møte i morgon den dag.|Salmebøkene ligg fint stabla under talastolen.|Magne Hauges målarstykke "Oppstandelsen" er fortsatt på plass.||Koppar og tallerkar, dekkety til ei heil forsamling er på plass på kjøkkenet.

SJERNARØY: Ekteparet kjøpte nabogarden Venja på 335 dekar, av det 130 dekar dyrka jord, rett før nyttår i fjor.,

På denne garden ligg også bedehuset på Bjergøy, «Betania», bygd i 1922. Nå er alle dei som ein gong sokna til bedehuset borte, og i avtalen står det at grunnen skal falla tilbake til garden viss bedehuset ikkje lenger er i bruk. Og det er det ikkje lenger.

Her kunne det vore basar eller møte i morgon den dag. Foto: FOTO: Rune Nedrebø

-Me har sjekka så langt me kan, og bedehuset ser nå ut til å tilfalla oss, seier Kirsten og Per Jakob Eike til Øyposten

Trøorgel og salmebøker

Dei lar gjerne Øyposten få bli med på ein kikk inn i det som ein gong husa eit aktivt bedehusmiljø. Inne er det som om det skulle vera klart for basar i morgon den dag.

Salmebøkene ligg fint stabla under talarstolen, i eine kroken står trøorgelet med dekselet over og på veggen heng målstatykket «Kristus oppstandelse» av sjernarøybuen Magne Hauge.

På kjøkkenet er det tallerknar, asjettar, koppar og glas og saftmugger. Siste gong det var basar her, var før pandemien i 2019. Meininga var at det skulle vore basar her for halvtanna år sidan, men då slo pandemien til igjen.

Kirsten Vestergaard Eike sjekkar trøorgelet. Foto: FOTO: Rune Nedrebø

Nå er den siste eldsjela, ho som på mange måtar heldt liv i huset, tanten til Per Jakob, Astrid Eike, også gått bort.

-Det blir nok ingen fleire arrangement her i bedehusregi, seier Per Jakob Eike.

Tidsreise

Han tykkjer det å stiga over dørstokken til bedehuset er som å gå inn i ei tidsreise.

-Her er allting som det alltid har vore. Det var her det skjedde, mykje av det som foregjekk på øya. Det var basarar, søndagsskule og møter med tilreisande predikantar, seier han.

Det 90 år gamle huset er i bra stand. Seinare er det blitt påbygd ei «litlastova», kor eit biletteppe som viser «det siste måltid» heng på veggen framleis. Tilbygget er også i bra stand, så vidt paret kan sjå, og i tillegg er det kjøkken, to toaletter av den enkle sorten og eit bårerom. Kva stand dette siste tilbygget er meir usikkert.

-Her kunne det blitt ein fin, hellelagd uteplass, drøymer Kirsten Vestergaard Eike om. Hellene er alt på plass. Foto: FOTO: Rune Nedrebø
Magne Hauges målarstykke "Oppstandelsen" er fortsatt på plass. Foto: FOTO: Rune Nedrebø

Men kva skal dei bruka eit bedehus til? Det var tidlegare fleire bedehus på Sjernarøyane, og bedehuset på Kyrkjøy, som gjekk ut av bruk for nokre år sidan, er ominnreidd til hytte.

Vandreheim

Kirsten Vestergaard Eike lurer på om det er mulig å få til ein slags vandreheim for turistar som kjem til Sjernarøyane med sykkel eller motorsykkel.

-Det hadde vore stilig å bevart huset mest mulig som det er i dag, gjerne laga til eit par soverrom kor folk kan overnatta. Det kunne vore ein frysar med enkle matvarer, som folk kan kjøpa. Eg veit at det finst slike opplegg andre stader. Kanskje kunne det vore aktuelt for speidarleirar. Me har fine turområder på Bjergøy, og kanskje kunne me hatt kanoar i Nesheimsvatnet som folk kunne brukt, seier ho.

Viss folk sit på gamle bilete frå bedehuset si storhetstid, er ho meir enn interessert i å låna dei for å laga til eit lite biletgalleri som viser historia til bedehuset.

-Men det står på pengane. Me har ikkje råd til å kosta for mykje på ominnreidning. Men kanskje me kan begynna i det små, seier ho.

Koppar og tallerkar, dekkety til ei heil forsamling er på plass på kjøkkenet. Foto: FOTO: Rune Nedrebø
Salmebøkene ligg fint stabla under talastolen. Foto: FOTO: Rune Nedrebø