Eit under at glasmaleria er intakte
Tilstanden til glasmaleria i Hesby-kykja er verre enn rekna med, viser det seg.
FINNØY:
Tysdag og onsdag blei dei tre glasmaleria i koret i middeladerkyrkja demonterte og pakka ned. Nå skal dei til Trondheim for å bli restaurerte i glasverkstaden i Nidarosdomen.,
-Tilstanden til glasmaleria er mykje verre enn me trudde. Det var på høg tid at noko blir gjort, for nederst bular vinduene kraftig ut, seier restaureringsteknikar Ståle Gjersvold, som jobbar i glasverkstaden i Nidarosdomen.
Gjersvold er på Finnøy for å demontera vinduene og sørga for at dei blir forsvarleg frakta til Trondheim.
Store rustskader
Det er rust i nedre kant i jernramma som omgir dei tre bileta som er problemet. Fukt har gjort at jernet er så godt som smuldra bort, og rustskadene har sett dei tre vinduene i kraftig spenn. Utbulinga i vinduene er opptil 3-4 centimeter.
-Heldigvis er det brukt små glasbitar nederst, det er det som har berga vinduene. Viss det hadde vore brukt store bitar, ville dei mest sannsynleg ha knekt, meiner Gjersvold.
Anbefalinga frå Nidaros er mellom anna å skifta ut jernrammene med messingrammer. Også blyet mellom glasbitane bør skiftast ut, men kor mykje er ikkje avgjort. Det er også eit kostnadsspørsmål. Den omfattande restaureringa vil truleg ta lenger tid ennn rekna med, og Ståle Gjersvold anslår forsiktig at det nok kan ta mesteparten av året før dei tre vinduene kjem tilbake.
Eit meisterverk
-Det er fantastisk flotte vinduer som Finnøy kan vera stolt av. Det er først når du ser dei på nært hald at du verkeleg for sjå kva meisterverk dette er. Detaljane er heilt utrulege, seier han.
,Glasmaleria er teikna av Frøydis Haavardsholm omkring 1960. Frøydis Haavardsholm var fødd i Tromsø, og var ein kunstnar som spesialiserte seg på glasmaleri. Glamaleriet «Korsfestelsen» i kyrkja i Hesby, er bare eit av mange arbeid ho stod for. Dei største og mest kjende er
Korsfestelsen
i Korskirken i Bergen (1928) og fem store korvindauge i Trefoldighetskirken i Oslo (1933–35).,
Arbeidet i kyrkja i Hesby var mellom det siste ho gjorde.