Ber om same gunstige skattlegginga som Hjelmeland

Grendalag og kommunedelsutval i Finnøy ber om at øyane som ikkje har fastlandssamband får same gunstige arbeidsgjevaravgift som Hjelmeland. For Finnøy og Talgje blir det bedt om at dei får behalda same ordninga som var før ho blei endra frå nyttår.

Lokale og sentrale politikarar samla nyleg for å drøfta kva som kan gjerast med endringa i arbeidsgjevaravgifta. Frå venstre Lisa Breiland, Dagny Sunnanå Hausken, Nils Ove Bjustveit, Jon Olav Runestad, Anders Vadla, Sissel Knutsen Hegdal, Henrik Halleland og Ingrid Eiane Setvik.
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over to år gammel

FINNØY:

Dette kjem fram i eit brev underteikna leiar og nestleiar i kommunedelsutvalet, som er sendt til ordførar Kari Nessa Nordtun.,

Frå nyttår blei skatllegginga av næringslivet i Finnøy skjerpa, ved at kommunedelen havna i sone ein for arbeidsgjevaravgift.

Nå viser det seg likeve vel at ikkje heile kommunedelen har havna i denne sona. For austssida av Ombo er i same sona som Hjelmeland, sone II, medan resten av øya har fått endra avgifta frå sone 1a, som Finnøy var i til sone 1. Det betyr ei skatteskjerping frå 10,6 til 14,1 prosent.

Grendalag og kommunedelsutval ynskjer difor at også resten av Ombo pluss dei andre øyane som ikkje har faqstlandsforbindelse blir plassert i sone II, same sona som Hjelmeland. For Finnøy og Talgje er kravet at dei får behalda sone 1a, slik kommunedelen blei forespegla i forbindelse med etableringa av Nye Stavanger.

I brevet til ordføraren blir det også påpeika at Stavanger sine innvendingar mot å endra arbeidsgjevaravgifta for Finnøy, ikkje blei sendt før etter at rapporten som la grunnlaget for endringa, var laga ferdig. Stavanger sine kommentarar til endringa er difor ikkje teken med i rapporten.

Brevet frå Finnøy munnar ut i eit ynskje om at saka blir tatt opp i formannskapet og deretter med regjeringa.

Publisert: