Jubileumstur til dagsturhytta

Dagsturhytta på Fogn har allereie blitt eit føretrekt samlingspunkt for turgåarar på øya.

Snaut 100 personar trossa regnet og gjekk på tur til dagsturhytta sundag.
  • Oddbjørg Måland
Publisert: Publisert:

FOGN: I går arrangerte idrettsslaget fellestur til dagsturhytta i samband med 50 års jubileumet. På toppen fekk blaute men glade turgåarar kaffi og kaker.

Turen er eit av fleire arrangement i markeringa av idrettslaget sitt 50 års jubileum.

Fram mot sjølve jubileumsfesten laurdag 3. september er det lagt opp til fire fellesarrangement. For nokre veker sidan blei frisbeegolfdagen arrangert med stor suksess. Deretter var det turen til Ørnareiret i går, og neste laurdag blir det vannsportdag på Sørvågkaia. Til slutt på jubileumsprogrammet står ein dag i Mesternes Mester-teikn.

Populært turmål

Sjølv om hytta ikkje formelt er opna ennå, er det likevel mange som har teke den i bruk. Det vil sei som har hytta som turmål. Det er fleire som allereie har stifta nye bekjentskap i hytteveggen på øyas høgste punkt, 170 meter.

Innvendig er hytta heilt ferdig, men golvet manglar nokre dagar på å bli ferdigherda etter overflatbehandlinga.

Medlemmar i Grendalaget jobbar for tida med programmet for den formelle opninga av hytta som skal skje etter sommareferien.