Finnøy: Endeleg er dagen her

Med ny sekk på ryggen og sommarfuglar i magen blei Pernille og pappa Olav Østhus saman med alle dei andre nye 1. klassingane, tekne vel imot av rektor Bente Tjelta ved skulestart torsdag.

Klasse 1A, 19 nye og forventnigsfulle elevar på Sentralskulen
  • Oddbjørg Måland
Publisert:

FINNØY: Etterkvart som rektor leste opp namna tok kontalktlærarane dei spente elevane med til klasseromma. Her fekk dei møta klassekameratane og sitta på dei nye pultane som har klisterlapp med alle namna på.

– Eg kan skriva namnet mitt utan å sjå på lappen, fortel Kajsa.

– Det er eigentleg ganske kjekt å byrja på skulen, tykkjer f.v: Ignacy, Øyvind, Johannes og Wilhelm.

Fyrste skuledag er ein milepæl både for foreldre og born. Å vera fyrsteklassing er spennande, men kan og vera litt skummelt. Overgangen frå barnehage til skule er ein av dei største forandringane i dei unge elavene sitt liv så langt.

Kjekkast å køyra skulebuss

Heldigvis ser det ut til alle dei 31 nye elevane ved Sentralskulen finn seg godt til rette.

– Er det nokon som kan songen Velkommen til skolen?, undrar kontaktlærar i 1A, Ane Fuglesten.

– Nei, ingen kan den.

– Me prøver likevel.

Og borna, dei syng av full hals.

Pernille og pappa Olav Østhus . - Eg både gleder og gruer meg, fortel Pernille.

– På spørsmål kva som blir kjekkast med å gå på skulen, tykte dei fleste at det ville vera å gjera kjekke ting ute. Boretsett frå Johannes som gledar seg mest til å køyra med sklebussen.

Heldigvis forsikrar lærar Ane klassen om at det blir mykje tid ute kvar veke framover.

– Det er ikkje berre elevane som er spente, dette er fyrste gong for meg og, smiler Fuglesten som til liks med elevane hadde sin fyrste skuledag på Sentralskulen torsdag.

På oppmoding frå kontaktlærar Ane Fuglesten, songom kva dei gledar seg mest til ved å byrja på skulen, svara

Rektor ønska dei elevene velkommen og presenterte lærerne for A og B klassen, før han begynte å lese opp navnene på de 39 elevene, som en etter en kom frem og ble møtt av en fadder fra 6 a og 6 b.

Hun kan allerede skrive navnet sitt som inneholder bokstaven I, den første elevene i klasse 1B skal lære.

Litt gøy, særlig å få lekser og norskboka! Josefine Krogh-Innli synes første dag på Nedre Bekkelaget skole hadde vært helt ok.