Nyleg kom det 20 flyktningane til Utsyn på Finnøy.

Det har vi gjort i ein mannsalder, og det vil vi halde fram med. Vi har gode erfaringar frå 2015 då vi stod saman frivilligheita, det offentlege saman med privat initiativ for å handtere og møte menneske som kom til byen vår.,

Tysdag 15.03 kom det ein buss med 20 personar som hadde flykta frå krigen i Ukraina til Utsyn misjonssenter på Finnøy. Dei hadde hatt ein strabasiøs tur frå Polen til Norge.

Då dei kom til Noreg var dei fyrst innom Råde for registrering. Her blei dei orienterte om at det var fullt og at dei måtte reisa til Rogaland for registrering. Dei kontakta då Randaberg kommune, som ikkje var klare til å ta imot. Dei fann heller ingen andre kommunar i regionen som var klare.

Resultatet blei eit privat initiativ på Utsyn misjonssenter i Finnøy kommunedel. Gjennom denne opplevinga fekk vi sjå at Stavanger kommune ikkje er klare for å ta imot flyktningar frå det krigsherja landet. Kommunen har, slik Stavanger KrF ser det, hatt moglegheiter til å gjere seg klare, og initiativet frå innbyggjarar i kommunen vår vise tydeleg at det både er ønske og vilje til å bidra, men ein veit ikkje korleis. Gjennom dei dagane som flyktningane budde på Utsyn var det svært mange folk på Finnøy som stilte opp både med nødvendig utstyr og menneskeleg omsorg.

Truleg vil mange av oppstartsproblema betra seg dei neste dagane, men det er mange spørsmål som ikkje er avklart.

Difor løfta både Henrik Halleland og Anne Kristin Bruns spørsmål til leiinga av kommunen om korleis vi som storsamfunn på ein god og enkel måte kan bidra både innanfor det frivillige arbeidet og som privatpersonar.

KrF meine at kommunen må vere meir aktiv ute og spele på lag med både det frivillige og private/næringslivet for å møte behova.  Det er viktig med informasjon, gjerne direkte via sms og sjølvsagt via nettsidene til innbyggjarane. Når vi skal ta imot 750 flyktningar som skal bu her, leve her og kjenne seg heime her, må vi alle få lov til å bidra som enkeltmenneske og storsamfunn. La det vere heilt klart! Vi både vil og kan vi bidra.

Styret i Stavanger KrF

v/ lokallagsleiar Anne Kristin Bruns